Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, Senter for diabetesforsking, er det ledig ei 100 % mellombels stilling som avdelingsingeniør for ein periode på 12 månader.
Arbeidsoppgåver:
Planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan funksjonell forsking på diabetes, spesielt arvelege former. Til dette trengst både standard- og avanserte metodar innan cellebiologi, molekylærbiologi og genetikk. Stillinga inneber både sjølvstendig løysing av forskingsoppgåver og samarbeid med andre deltakarar i forskingsgruppa.
Praktisk rettleiing av studentar
Samtaler med pasienter om prøvetaking
Utarbeiding og fornying av senterets nettsider og grafikk
Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til undervisning og forsking
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha mastergrad innan relevant fagområde (molekylærbiologi eller biokjemi).
Arbeidsrøynsle frå eit molekylærbiologisk laboratorium er eit krav.
Røynsle frå eksperimentell diabetesforsking er eit krav.
Røynsle frå forskingsprosjekt basert på biobankar, samt kjennskap til varianttolking er ein føremon.
Røynsle med teknikkar og metodeutvikling innanfor genteknologi (t.d PCR, qPCR, kloning, genmodifisering, Flow/FACS) er ein føremon.
Røynsle med ulike cellemodellar og celledyrking vil vektleggjast.
Røynsle med post-translasjonell modifisering, enzymatiske assays eller transkripsjonsaktiveringsmetodar er ein føremon.
I tillegg må ein ha god IT-kompetanse og evne til og tileigne seg nye ferdigheiter.
Det vert satt krav om gode språkkunnskapar både i engelsk og norsk og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som avdelingsingeniør (kode 1185) i lønssteg 51-53 (for tida kr 468 300-483 700). For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.