LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør (mellombels) - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 06.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei 100% mellombels stilling som avdelingsingeniør i opptil 17 månader (fram til 31.05.2023).

Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan biokjemi og molekylærbiologi som kan nyttast i translasjonell biomedisinsk forsking.

Stillinga er knytt til ERC prosjektet ‘Discovery of post-translational N-terminal acetylation’. Her vil det vere fokus på undersøking av nye gen og deira funksjon.

Arbeidsoppgåver:

  • proteinekspresjon frå insektsceller
  • proteinrensing
  • protein analysar
  • laboratoriearbeid som til ein kvar tid må gjerast
  • i tillegg må den som vert tilsett kunne læra opp studentar i ulike laboratorietekniske metodar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha relevant mastergrad innan biomedisin eller molekylærbiologi.
  • Relevant praksis er eit krav
  • Søkjarar må ha røynsle innan proteinproduksjon frå insektsceller og rensing av protein basert på kromatografi.
  • Søkjarar må kunne dokumentere røynsle innan proteinanalyser fokusert på proteinacetylering.
  • I tillegg må ein ha god IT-kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Søkjarar må ha god erfaring med å arbeide i forskingslaboratorium.
  • Søkjarar kan ikkje ha allergi mot kjemikal som vert handsama med vanlege sikringstiltak.
  • Søkjar må meistra norsk, og engelsk munnleg og skriftleg
  • Det vil verte lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, interesse for forsking og vere ansvarsmedviten.
  • Søkjar må ha gode kommunikasjons- og samarbeideigenskapar, dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team.

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10), med mastergrad lønssteg 51-53 (for tida kr 468 300 – 475 800). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS