Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Avdelingsingeniør (50 %, vikariat) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 04.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Ved Institutt for biomedisin er det ledig ei mellombels stilling (50%) som avdelingsingeniør 4 månader med høve for forlenging. Stillinga er knytt til Molecular Imaging Center (MIC), som er ein open kjernefasilitet for avansert molekylær, cellulær og smådyrs avbilding. I tillegg til avansert avbildingsutstyr, har MIC også høgt kvalifisert teknisk og vitskapleg personell tilknytt utstyret, og kvart år nytter omlag 250 forskarar tenestene ved fasiliteten. MIC har vidare eit fullt utstyrt prepareringslaboratorium for lysmikroskopi-snitt og prøvar til elektronmikroskopi, det aktuelle vikariatet er å arbeide med ulike preparerings-teknikkar ved denne laben.

Arbeid ved ein kjernefasilitet er variert og interessant. Ein kjem i kontakt med forskarar frå mange ulike forskingsgrupper og miljø, og får erfaring med mange ulike typar biologisk materiale innan tenestene ein skal være med å tilby.

For meir opplysningar om MIC, sjå http://www.uib.no/med/mic/

Arbeidsstad er ved Bygg for biologiske basalfag (BBB) i Jonas Lies vei 91.

Arbeidsoppgåver:

  • Fiksering, innstøyping, farging for transmisjons elektronmikroskopi (TEM).
  • Fiksering, parafininnstøyping, semisnitting og farging for lysmikroskopi.
  • Ta imot forskarar og ta del i organiseringa av prepareringsoppdraga som kjem inn.
  • Andre arbeidsoppgåver kan også verta aktuelle, som for eksempel ultrasnitting for TEM.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha minimum utdanning på bachelorgradsnivå innafor relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ønskjeleg med erfaring med preparerings-prosessen for TEM. Kandidaten må i tillegg vise vilje til å lære ultrasnitting og farging.
  • Det er ein stor føremon om kandidaten kan vise til god finmotorikk, som å praktisk kunne handtere finsleg verktøy for å arbeide med små deler, og å kunne jobbe nøyaktig, tolmodig og reinsleg med dette.
  • Det er ønskjeleg med erfaring med parafininnstøyping, snitting og farging av biologiske preparat.
  • Kandidaten må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk, samt grunnleggande norskkunnskapar.
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Sjølvstendig, målretta og effektivt arbeide, og gode evner og vilje til kommunikasjon og samarbeid er eit krav.

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med bachelorgrad i lønssteg 47-52 (for tida kr 428 200 – 464 000), med mastergrad lønssteg 51-53. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Frits Thorsen (Plattformleiar MIC), tlf. 55 58 62 72, epost: frits.thorsen@uib.no
  • Overingeniør (fungerande plattformleiar MIC) Hege Avsnes Dale, tlf. 55 58 66 98, epost: hege.dale@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS