Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig eit vikariat (100 %) som avdelingsingeniør frå 01.09.2021 til 31.03.2022.
Stillinga er knytt til Forskningsenhet for helseundersøkelser (FHU) som er eit samarbeidsprosjekt mellom Det medisinske fakultet og Haukeland Universitetssjukehus. Eininga har som hovudformål å gjennomføre kliniske studiar på friske og på sjuke personar.
Arbeidsstad er Overlege Danielssens Hus, Årstadveien 21.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene vil vere:
utføre standarundersøkingar av studiedeltakarar, utfylling av spørjeskjema, registrering av studiedata/-dokumentasjon
utføre blodprøvetaking og handtering av biologisk materiale ved laboratoriet
delta i dagleg drift av eininga
kommunikasjon med deltakarar via telefon og e-post
det vil vere viktig å arbeide for å gjere eininga kjent blant potensielle brukarar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha relevant bachelor grad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet
søkjar må ha helsefagleg bakgrunn då det vert nødvendig med blodprøvetaking. Søkjar må ha godkjenning for å utføre slikt arbeid
den som vert tilsett må ha erfaring med laboratoriearbeid og handtering av biologisk materiale
erfaring med kliniske mål vil vere ein føremon
Søkjarar med disse erfaringane er å føretrekke:
det er ønskeleg med erfaring frå datainnsamling i forbindelse med kliniske studiar
erfaring med spirometri og bioimpedanse vil vere in føremon
det er ønskeleg med erfaring med venflon
GCP-kurs
Vi søkjer ein person som:
har gode samarbeidsevner og evne til sjølvstendig arbeid
gode kunnskapar i norsk og engelsk
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med bachelorgrad i lønssteg 47- 52 (for tida kr 439 900 – 475 800), med mastergrad lønssteg 51-53 (for tida kr 468 300-483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
FHU sin leiar, professor Francisco Gómez Real, e-post: francisco.real@uib.no , tlf.: 91 56 11 46
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.