Avdelingsingeniør / Forskningstekniker ved Dyreavdelinga
Søknadsfrist: 30.12.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, er det ledig et vikariat som avdelingsingeniør/forskingstekniker (100%) fra 01.01.2025 til 31.12.2025. Det er moglegheit for forlegning.
Deltaking i helgevakter og beredskapsvakter inngår i stillinga.
Arbeidsoppgåver:
Stell og tilsyn av dyr, inkludert immonodefekte gnagere
Delta i planlegging og gjennomføring av avl
Kvalitetskontroll av sterilisatorer/autoklav
Delta i planlegging og gjennomføring av prøvetaking tilknytt vann kvalitet.
Delta i opplæring av avdelinga sine brukarar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjoner:
Utdanning innan biologiske fag, dyrepleie eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke.
Godkjent opplæring i forsøksdyrlære er eit føremon. Kjennskap til arbeid med immunodefekte dyr og avlsarbeid er ønskelig.
Søkjar må vere fleksibel og kunne delta i avdelingas rullerande helge- og beredskapsvakter
God munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav
Erfaring med bruk av Microsoft Office-pakken, spesielt Teams og Outlook er et føremon, Kjennskap til Pyrat og BookIT-lab er ønskelig
Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar
Erfaring er ønskeleg
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Ever og ønske om å bidra til et godt arbeidsmiljø
Evne til å arbeide selvstendig og i team
Søkjar må ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på erfaring og dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for avdelingsingeniør er for tida kr 524 700 – 557 100 (kode 1085, lønssteg 53-57, med Bachelorgrad), Løn er for tida kr 532 200 – 604 900 (kode 1085, lønssteg 54-62, med mastergrad).
Løn for forskningstekniker er for tida kr 448 900 – 472 900 (kode 1512 lønssteg 42 - 46). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
leder Lise Madsen eller
Driftsleder Joanna Stormark
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.