LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 19.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør (100%) med tilsetjing snarast.

Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan biokjemi, molekylærbiologi, cellebiologi og dyreforsøk, og forsking innan mekanismar knyta til kreft og andre kroniske sjukdommar.

Instrumentparken består av instrument og fasilitetar for celle- og vevsdyrking, dyreforsøk og utstyr for generelle og spesielle biomedisinske analysar.

Laboratoriet vert nytta av forskarar, stipendiatar og studentar.

Arbeidsoppgåver:

  • stillinga inneber å ta del i daglege kjernefunksjonar og driftsoppgåver ved gruppas laboratorier ut ifrå til gjeldande rutinar og regelverk. Dette inkluderer oppsyn med instrument og laboratorieareal, sikkerheitsrutinar, avfallshandtering, nødvendig opplæring og rapportering
  • arbeidsoppgåvene inneber generell biomedisinsk laboratoriestøtte til forskingsgruppa sine aktivitetar frå celle- og molekylærbiologi, systembiologi og dyreforsøk
  • personen skal bidra i utvikling av forskingsgruppas digitale og bioinformatiske infrastruktur. Dette gjeld til dømes lagring, kontroll og grunnleggande analyser av store datasett (-omics: transcriptomics, metabolomics, proteomics, genomics).
  • den som vert tilsett skal ta del i bestilling via UiB sitt innkjøpssystem
  • personen skal ha særleg ansvar for eit utval av gruppas spesialmetodar
  • den som vert tilsett skal ta del i drift og vedlikehald ved gruppas cellelaboratorier og spesiallaboratorier
  • personen skal delta i tilrettelegging og utføring av arbeid knyta til gruppas forskingsprosjekta

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant mastergrad. Spesialutdanning innan særleg relevante tema kan vere ein føremon
  • det er eit krav å ha kompetanse og erfaring innan vanlege molekylær- og cellebiologiske metodar innan biomedisin, og preparering og analyser av biologiske prøvar (f.eks. DNA, DNA, protein, metabolittar). Dette inkluderar til dømes, immunohistokjemi, elektroforese, western blot, og molekylærbiologiske metodar som plasmidrensing, DNA modifikasjon og transfeksjon/transduksjon
  • Felasa C sertifikat er eit krav, men kurs og prøve kan også takast etter tilsetjing
  • det er krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • søkjar må vere omstillingsvillig, og vise evne til å ta opp nye metodar og endrande behov som følger utviklinga av forskingsprosjekta og staben
  • søkjar må ha evne til å arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team
  • kompetanse og erfaring innan særleg relevante spesialmetodar kan bli vektlagt, slik som avansert mikroskopi (confocal, elektronmikroskopi, m.m), flow cytometri (inkl. mass cytometry) og metabolske/biokjemiske analyser
  • kompetanse og erfaring innan prinsipper og verktøy for handtering og analyse av store datasett (-omics) vil bli vektlagt, inkludert programvare (t.d. R) og web-baserte databaser (t.d. TCGA) og analyse- og annoteringsverktøy (t.d. GO, Reactome, KEGG, mm). Fleire kurs/opplæring innan dette feltet kan vere aktuelt etter tilsetjing
  • relevant erfaring med dyreforsøk kan verte vektlagt, inkludert avlsarbeid, tumor modeller, medisinering (IP/IV/sonde) og smådyr imaging (optisk/PET/ultralyd)
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, interesse for forsking og vere ansvarsmedviten

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har en har bred relevant erfaring
  • er sjølvstendig og ansvarsbevisst

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med mastergrad lønssteg 51-53 (for tida kr 468 300-483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Karl Johan Tronstad, Institutt for Biomedisin, tlf.: 55 58 64 33, e-mail: karl.tronstad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS