Serviceanalytikar til IT-avdelinga sin servicedesk
Søknadsfrist: 04.02.2024
Publisert
UiS hovedlogo positiv RGB
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger vil vere ei drivkraft i innovasjon og omstilling av samfunnet. Grøn omstilling står sentralt i verksemda vår, med berekraft på veg inn i alle studieprogram. Satsingsområda våre er energi, helse og velferd og læring for livet.
Her kjem du til ein arbeidsplass prega av framifrå forskarar, yrande studentliv og høg trivsel blant våre 2.400 tilsette. Vi er eit ope universitet, raust og inkluderande, med levande møteplassar for kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og konstruktiv debatt. Eit av våre fremste kjenneteikn er ustrakt samarbeid med arbeidslivet, både innan forsking og utdanning.
UiS satsar på innovative og fleksible læringsmetodar for dei 12 000 studentane våre. Vi er med på å fornye europeisk høgare utdanning gjennom ECIU University, eit flaggskip-initiativ i EU. Dette gir unike mogelegheiter for læring, utveksling og utvikling for studentar og tilsette.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordrar det velkjente og utforskar det ukjente.
Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion med 340 000 innbyggarar. Regionen er internasjonal og har eit dynamisk arbeidsliv, spennande kulturliv og rik tilgang på naturopplevingar.
Er du glad i å prate med mange menneskjer i løpet av dagen, og har du i tillegg gode IT-kunnskapar
Om stillinga
Er du glad i å prate med mange menneskjer i løpet av dagen, og har du i tillegg gode IT-kunnskapar? Får du energi av å hjelpe andre å bli gode? Då vil vi gjerne at du søker stilling hos oss.
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som serviceanalytikar ved IT-avdelinga, Seksjon for kundestøtte frå 1. februar 2024.
IT-avdelinga leverer et bredt spekter av tenester til tilsette og studentar. Disse tenestene omfattar eksempelvis nettverk, lagringstenester, AV, utskrift, personleg IT-utstyr, programvare for kontorstøtte, kursverksemd, rådgiving innen informasjonssikkerheit, arkivtenester og utvikling og forvaltning av digitale tenester.
Avdelinga er organisert i fire seksjonar med til samen 46 fast tilsette. Som serviceanalytikar vil du være en del av teamet IT-servicedesk som er vår førstelinje og felles kontaktpunkt for tilsette og studentar.
Hovudoppgåver
gi generell brukarstøtte via epost, telefon, oppmøte i skranke og fjernstyring
foreta mottak, handtering og utlevering av bestillingar
gi opplæring/rettleiing til tilsette og studentar
gi brukarhjelp på AV og PC på campus (vakt-telefon)
utføre vedlikehald og feilrettingar på UiS sin maskinvare og system
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant utdanning, fortrinnsvis på bachelornivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
erfaring med IT brukarstøtte og bruk av relevante IT-verktøy
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ønskeleg at du har erfaring med:
Service Now, Windows, Mac OS, iOS, Android og Microsoft365
Crestron, Teams, Panopto
Active Directory, Intune
Service Now
fjernstyringsverktøy (UiS bruker Bomgar)
ITIL rammeverket
Vidare blir det lagt vekt på at du:
er tenestevillig, fleksibel og imøtekommande
kan jobbe effektivt og strukturert
har gode samarbeidsevner og kan jobbe på tvers av organisasjonen
Vi tilbyr
På UiS vert du ein del av ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag og eit internasjonalt arbeidsmiljø.
I tillegg får du tilgang til:
fleksibel arbeidstid og 7,5 timars arbeidsdag
ei av landets beste låne- og pensjonsordningar
trening i arbeidstida
bedriftslag og foreiningar
gunstig pris på kollektivreiser
Stillinga vert lønna etter statens lønsregulativ l.pl 90.301, kode 1085 avdelingsingeniør, kr 500 000 - 600 000 brutto per år. I særskilde tilfelle kan høgare lønn og innplassering i kode 1087 overingeniør bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Mangfald
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.
På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Les mer om kravene for å bli vurdert som søker i disse gruppene her.
Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søke. Dersom fleire søkjarar blir vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.
Spørsmål om tilsettingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Christina Storm, tlf.51831753 , e-post christina.storm@uis.no.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attester og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må de komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentliggjort sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkarliste, jf offentleglova § 25.
UiS vurderer berre søknader og vedlegg registrert i JobbNorge.