Vikariat som avdelingsingeniør / overingeniør - Geofysisk institutt
Søknadsfrist: 08.08.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør/overingeniør
Ved Geofysisk institutt er det ledig eit vikariat som avdelingsingeniør/overingeniør innan marinkjemiske målingar. Vikariatet er ledig i perioden 1. oktober 2022 til 1. mai 2023, med moglegheit for forlenging.
Geofysisk institutt driv undervisning og forsking i kjemisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysisk oseanografi og fornybar energi. Instituttet har 19 faste vitskaplege stillingar og 22 tekniske og administrative stillingar. I tillegg har instituttet for tida 11 professor II-stillingar og til saman om lag 50 ph.d.-studentar, postdoktorar og forskarar i fagmiljøet. For meir informasjon om instituttet sjå: http://www.uib.no/gfi.
Den som vert tilsett, vil vere knytt opp til forskingsgruppa i kjemisk oseanografi/biogeokjemi, og vil vere retta mot støttefunksjonar for tokt/feltarbeid og aktiviteten på laboratoriet for kjemisk oseanografi samt undervising i GEOF 236, 336 med fleire etc.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg ansvar for styring og kontroll av kjemisk oseanografisk instrumentering brukt på laboratoriet, tokt, cargo-linjer, faste stasjonar og feltbaserte eksperiment.
Den som blir tilsett, vil få primæransvar for målingar av totalt karbon og alkalinitet, i tillegg til pH-, oksygen- og saltmålingar. Her inngår vedlikehald og kalibrering av kjemisk oseanografisk instrumentering, arbeid med data og kvalitetskontrollering av data.
Det er også ønskeleg at den som blir tilsett deltek i undervisinga ved instituttet ved å assistere laboratoriekurs, feltkurs og feltarbeid knytt til master- og ph.d.-utdanning.
Koordinering, planlegging og deltaking på tokt og feltarbeid er ein del av arbeidet.
Kandidaten må ha kunnskap om kjemikaliar og tilhøyrande datablad som tilfredsstiller HMS-krav på laboratoriet og til sjøs.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og by på gode høve til utvikling. Deltaking i utviklingsarbeid av ny instrumentering kan verte aktuelt
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha utdanning på minimum bachelornivå i kjemi frå universitet eller høgskule eller tilsvarande utdanning, eller ha tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved allsidig relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
Kompetanse innan eksperimentell kjemi er eit krav.
Det vil vere ein fordel med kjennskap til datainnsamling i oseanografi, erfaring frå arbeid på kjemilaboratorium og tokterfaring.
Det er ønskeleg med erfaring innan marin og kjemisk teknologi.
Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig, nøyaktig og ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
Den som vert tilsett må meistre norsk og engelsk munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
stilling som avdelingsingeniør (1085) eller overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-58 for avdelingsingeniør (for tida kr 493 700 -534 900,-) eller lønssteg 55-62 (for tida kr 509 500 - 573 900,-) for overingeniør i det statlege lønsregulativet. (For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast).
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Senioringeniør Tor de Lange, tlf. 55 58 26 87/ 418 16 084, e-post tor.lange@gfi.uib.no
Kvinner blir spesielt oppmoda til å søkje. Dersom fleire søkjarar blir vurdert til å ha tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for tekniske og administrative stillingar bli følgde. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.