Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Avdelingsingeniør - HelpDesk / brukarstøtte

Søknadsfrist: 29.03.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet bistår enhetene ved fakultetet i den daglige drift og har samtidig et overordnet koordineringsansvar for fakultetet som helhet. Fakultetsadministrasjonen består av fire seksjoner: Seksjon for studier, Seksjon for forskning og kommunikasjon, Seksjon for personal-, arkiv- og økonomitjenester og Seksjon for IT- og AV-tjenester. Fakultetet ledes av fakultetsdirektøren, med dekanen som leder for hele fakultetets virksomhet.

Fakultetsadministrasjonen har tilsammen rundt 70 ansatte.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Fakultetet sin IT/AV-seksjon søkjer etter ein serviceinnstilt person som kan betene fakultetet sin HelpDesk og delta i drifta ved seksjonen.

Seksjonen er mellom anna ansvarleg for nettverk og telefoni, installasjon og drift av arbeidsplassutstyr, grunnopplæring av brukarar, rådgjeving og planlegging i samband med innkjøp av utstyr i tillegg til generell drift og brukarstøtte. Seksjonen har også oppgåver knytt til undervisnings- og forskingsstøtte AV og Lab.

Seksjonen har 20 tilsette, og betener både studentar og tilsette.

Vi ser etter ein strukturert og fleksibel medarbeidar med høg IKT-kompetanse, som vil forbetra og utvikla digitale løysingar for studentar og tilsette, og ta vare på kvalitet og informasjonssikkerheit

Arbeidsoppgåver

  • Førstelinjesupport/brukarstøtte HelpDesk
  • Generell brukarstøtte og drift av PC, MAC, AV-utstyr og mobile einingar
  • Dokumentasjon og vidareutvikling av rutinar, og vera ein ressursperson i arbeidet med å bruka teknologi til å fornya, forenkla og forbetra tenestene våre
  • Help i samband med GDPR, databehandling og lagring.
  • Utlån av utstyr

Kvalifikasjonskrav

  • Du har høgare utdanning på universitets- og/eller høgskulenivå (minimum bachelornivå) fortrinnsvis innan IT. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensera for utdanningskravet
  • Erfaring frå førstelinjesupport/brukarstøtte
  • Erfaring med konfigurering og feilsøking i Windows- og MAC-miljø. Det vil bli lagt spesielt vekt på kunnskap om Windows-plattforma
  • Inngåande kunnskap om kontorapplikasjonar som MS Office og e-post
  • Noko kunnskap om GDPR, databehandling og lagring
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg

Det vil også bli lagt vekt på:

  • Du har gode samarbeidsevner, og er god til å dela og formidla kunnskapen din munnleg og skriftleg
  • Du er fleksibel, sjølvstendig, ryddig og systematisk
  • Evne til å handtera stress og eit høgt arbeidstempo
  • Evne til å tileigna seg kunnskap om ulike IT-system
  • Evne til omstilling

Vi tilbyr

  • Løn som avdelingsingeniør kode 1085 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 397.100 og kr 479.600, avhengig av kompetanse ev. og ansiennitet
  • Allsidige utfordringar
  • Eit interessant og utviklande arbeidsmiljø
  • Mogelegheit for spesialisering
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen