Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Avdelingsingeniør - førstelinje brukarstøtte, 20 % deltid - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 20.01.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Fakultetets IT/AV-seksjon har ledig 3 x 20 % stillingar som avdelingsingeniør (SKO 1085). Vi søkjer etter 3 serviceinnstilte personar som kan betjene fakultetets HelpDesk for IT/AV-spørsmål. Totalt består seksjonen av 20 tilsette som betener fakultetet sine studentar og tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Førstelinjesupport/brukarstøtte
  • Brukarstøtte og feilsøking på PC, MAC, AV-utstyr og mobile einingar i fakultetet sin HelpDesk
  • Handtere innkomne henvendelsar og registrere desse i vårt HelpDesk-system
  • Dokumentasjon og vidareutvikling av rutinar
  • Ansvar for utlån av utstyr

Kvalifikasjonskrav

  • Erfaring frå førstelinjesupport/brukarstøtte
  • God kunnskap i bruk av Mac og Windows
  • Utdanning på universitets- og/eller høyskolenivå, tilsvarande bachelor, fortrinnsvis innan IT. Dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk er ein førestenad.
  • Evne til å handtere stress og eit høgt arbeidstempo
  • Du har gode samarbeidsevner og er god til å dele og formidle din kunnskap
  • Du er ryddig og systematisk

Vi tilbyr

  • Løn som avdelingsingeniør kode 1085 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 397.100 og kr 456.400 i 100 % stilling, avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar,
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen