LEDIG STILLING VED UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET

Lingvist - nordsamisk (50 %)

Søknadsfrist: 03.12.2020

UiT Noregs arktiske universitet

UiT Noregs arktiske universitet er eit breiddeuniversitet som bidreg til ei kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal utnytte det at vi ligg sentralt i nordområda, vår faglege breidde og kvalitet og våre tverrfaglege fortrinn til å møte dei framtidige utfordringane.

Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning/Institutt for språk og kultur

Om stillinga

Ved Institutt for språk og kultur (ISK) er det eit ledig vikariat i 50 % stilling som overingeniør innafor fagområdet nordsamisk lingvistikk. Stillinga er for perioden 01.02.2021-31.01.2022, og er knytt til Divvun.

ISK har 83 fast tilsette, 16 professor II og omlag 20 stipendiatar. I tillegg kjem rundt 35 midlertidige tilsette i forskings- og undervisingsstillingar. Instituttets kjerneverksemd er forsking, utdanning og formidling innafor språkvitskap, litteraturvitskap, kunsthistorie, og medie- og dokumentasjonsvitskap.

Instituttet har ein svært aktiv forskingsprofil med stor tematisk breidde og huser eitt av verdas fremste språkvitskaplege miljø, mellom anna representert med AcqVA Aurora Center, og forskargrupper innafor kognitiv lingvistikk (CLEAR), samisk språkteknologi (Giellatekno og Divvun), teoretisk lingvistikk (CASTL-Fish) og sosiolingvistikk (Multilingual North Diversity, Education and Revitalisation (MULTINOR)). Instituttet sitt miljø innafor litteraturvitskap, kunsthistorie og medie- og dokumentasjonsvitskap hevdar seg sterkt nasjonalt, og er blant anna organisert i forskargruppene «Health, Art and Society» (HAS), Russian Space (RSCPR), Libraries, archives, museums, in the community (LAMCOM), Arctic Humanities, Just Literature (JUL), Interdisciplinary Phenomenology (IP) og Worlding Northern Art (WONA).

ISK tilbyr undervising i allmenn språkvitskap, litteraturvitskap, kunsthistorie, medie- og dokumentasjonsvitskap, engelsk, kvensk og finsk, nordisk, russisk, samisk, spansk og tysk, som årsstudium, bachelor- eller mastergradsstudium. Det blir òg gitt doktorgradsutdanning i kultur/litteraturvitskap, kunsthistorie, medie- og dokumentasjonsvitskap og språkvitskap.

Divvun er ei forskings- og utviklingsgruppe ved ISK, som er fullfinansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Divvun har som overordna oppgåve å utvikla og halda ved like språkteknologiske verkty for det samiske samfunnet. Nasjonalt og internasjonalt samarbeid med andre urfolk og minoritetar er mogleg så lenge det ikkje går ut over arbeidet for dei samiske språka.

Arbeidsoppgåver

Den tilsette skal gå inn som ein del av arbeidsgruppa for nordsamisk, og vera med på å utvikla dei nordsamiske verktya som Divvun-gruppa har laga og vil laga i framtida. Arbeidet kan m.a. gjelda oppdateringar av dei leksikalske ressursane for morfologisk analyse, ressursar for syntaktisk analyse, vidareutvikla ressursar for grammatikkontroll og stavekontroll, og å halda ved like og utvikla ressursar for testing og evaluering av verktya. Arbeidet vil òg kunna omfatta kontakt med brukarar og det nordsamiske språksamfunnet, aktivitet på sosiale medium på vegne av Divvun, og andre oppgåver som høyrer naturleg med til arbeidet i Divvun-gruppa, inklusive samarbeid på tvers av samiske språk. Det vil òg vera høve til internasjonalt samarbeid.

Arbeidsstad er UiT i Tromsø.

Kontakt

Vil du vite meir om stillinga, kan du spørje:

Sjefsingeniør Sjur Nørstebø Moshagen:

eller instituttleiar Gustav Jørgen Pedersen:

Kvalifikasjonar

Det krevst morsmålskompetanse, gode grammatiske kunnskapar i nordsamisk, og utdanning i samisk eller liknande på masternivå eller tilsvarande. Røynsle med språkteknologi og Unix-kunnskapar er ein fordel, men ikkje noko krav, den tilsette vil få opplæring i alle naudsynte verkty. Eit godt auge for ortografiske og andre feil vil vera ein stor fordel, til liks med ei allmenn god språkkjensle.

Vi tilbyr

Stillinga som lingvist blir lønna etter statens regulativ kode 1087 overingeniør. 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.

Søknaden

Send søknad elektronisk på søknadsskjema som ligg på www.jobbnorge.no. Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • vitnemål og attestar
  • 2-3 referansar med kontaktinformasjon

Søkjarar som blir kalt inn til intervju må ta med originale vitnemål og attestar.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vera ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv.

Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg som søkjer til å kryssa av for dette i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben legg vi til rette for deg om du treng det. Bortsett frå å velja ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. Les meir i Arbeidsgjevarportalen.

Generelle opplysningar

Tilsetting skjer i samsvar med reglar og vilkår som gjeld for statstilsette, og retningslinjer ved UiT. På nettsida finn du meir informasjon til søkjarar på stillingar ved UiT.

Førespurnad om korleis arbeidsmiljøet er lagt til rette, mellom anna korleis arbeidsplassen er utforma, helseteneste, høve til fleksitid, deltid og liknande kan rettast til telefonreferansane.

Personopplysningar som vert opplyst blir handsama etter lov om handsaming av personopplysningar. Søkjarar kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Universitetet kan likevel bestemma at namnet på kandidaten skal offentleggjerast. Søkjar vil bli varsla i forkant av ei eventuell offentleggjering.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS