LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis / fagleg koordinator for praksis- og partnarskulesamarbeid

Søknadsfrist: 26.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

I samband med Universitetet i Bergen si satsing på lektorutdanning, er det oppretta ei fast stilling som fagleg praksiskoordinator (førsteamanuensis) med ansvar for praksisutvikling og skulesamarbeid.

Lektorutdanninga ved Universitetet i Bergen omfattar 5-årig lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, som til saman har plass til 955 studentar. Lektorutdanninga er eit samarbeid mellom fleire fakultet.

Organiseringa av lektorutdanninga er under omlegging. Stillinga er per i dag lagt til Det psykologiske fakultet, som administrerer praksis, men kan bli flytta i samband med omorganiseringa av utdanninga.

Stillinga ligg mellom ulike fagmiljø, og den som vert tilsett vil samarbeide med fagdirektøren for lektorutdanninga, administrasjonen og fagmiljøa som samarbeider om lektorutdanninga. God kontakt med praksisfeltet er også naudsynt.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Arbeid med den profesjonsfaglege kvaliteten i universitets- og partnarskulesamarbeid og i praksisopplæringa i lektorutdanninga. Det inneber å koordinere skulesamarbeid, bidra til desentralisert kompetanseutvikling og etter- og vidareutdanningstilbod retta mot skulesektoren.
  • Leiar for praksisutvalet. Praksisutvalet er eit tverrfagleg arbeidsutval nedsett av programrådet, der også partnarskulane er representerte. Utvalet har ansvar for praksisopplæringa til studentane og forvaltar samarbeidet med partnarskular og praksisskular. I tillegg til å løyse saker som knyter seg til ordinær drift, skal utvalet bidra til kvalitetssikring av praksis og gje programrådet og styringsgruppa råd i saker som gjeld praksis.
  • Ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at den som vert tilsett også kan verte pålagt arbeidsoppgåver utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til, innanfor si normale arbeidsplikt og den faglege kompetansen sin.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad (eller tilsvarande) i pedagogikk, fagdidaktikk eller eit anna område med tema av relevans for skule- og utdanningsfeltet.
  • Den som blir tilsett må ha brei skulefagleg erfaring og/eller forskingsbakgrunn innan didaktikk, pedagogikk eller disiplinfag som er relevant for lektorutdanninga.
  • Den som blir tilsett i stillinga må ha gode samarbeidsevner.
  • Det er ein føremon med administrativ erfaring frå grunnutdanninga eller høgare utdanning.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå «Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB». Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagde.
  • Arbeidsspråket er norsk, og den som blir tilsett må derfor beherske norsk munnleg og skriftleg.

Det vil bli gjennomført intervju, prøveforelesing og referanseinnhenting i tilsetjingsprosessen. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 68 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618 600 - 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS