Spennende jobbmulighet i Barne- og Ungdomsavdelingen ved Helse Førde!
Studiesjukepleiar
Søknadsfrist: 24.01.2020
"The ALIENS Study - ArtificiaL IntelligencE in Neonatal Sepsis" er eit nasjonalt forskingsnettverk som utgår frå Helse Førde, med eit langsiktig mål om å bruke teknikkar innanfor kunstig intelligens til å få ned antibiotikabruk hos nyfødde. Diagnosen sepsis (også kalla alvorleg blodforgifting) er utfordrande å setje, og mange nyfødde vert behandla "for sikkerheits skuld".
Vi håpar å utvikle verktøy som kan brukast av klinikarar til å bli meir treffsikre i å setje ein slik diagnose, slik at vi både unngår å behandle nyfødde som ikkje har behov for antibiotika, og klarar å starte opp behandling på eit tidlegare tidspunkt for nyfødde som har ein slik alvorleg infeksjon i kroppen.
Oppstart stilling snarast mogeleg.Arbeidsperioden er fram til 31.07.2020 med moglegheit for forlenging dersom vi får meir midlar til studien.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektet ønskjer ein studiesjukepleiar som kan bidra til å kvalitetssikre prosjektet og etterfylle og registrere innsamla pasientdata
- Funksjon som lokal superbrukar for VieDoc (dataregistreringssystemet)
- Koordinerande rolle i datainnsamlinga
- Andre prosjektoppgåver ved behov
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Tidlegare forskingserfaring vert ikkje krevd, men kan vere ein fordel
- Erfaring med arbeid innan nyføddmedisin vert ikkje krevd, men vil trekke i positiv retning
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Det er ein fordel med engelskkunnskapar
- Gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Ryddig og strukturert, og som kan halde god oversikt
- Høg arbeidskapasitet
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men også evne til å jobbe sjølvstendig
- Interesse for, og ferdigheiter i å jobbe på pc
- Interesse for forsking og kvalitetsarbeid er ein fordel
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Spennande og ansvarsfulle oppgåver
- Fleksibel arbeidstid, med moglegheit for heimekontor
- Moglegheit for å vere med på å bygge opp forskingsaktivitetar i Helse Førde
- Bidra til utvikling av framtidsretta verktøy som betrar diagnostikk hos nyfødde
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Webcruiter-ID: 4128821930
Kontaktinformasjon:
- Jobin Kotakkathu Varughese (Prosjektleiar, The ALIENS Study), (+47) 995 42 303
- Solveig Horstad Berget (Avdelingssjef Barne- og ungdomsavdeling), (+47) 578 39 116