Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK)

Søknadsfrist: 17.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vitskapleg assistent ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK)

Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) er det ledig ei mellombels 100 % stilling som vitskapeleg/undervisningsassistent i perioden 01.01.2020-30.06.2020.

SKOK er eit tverrfakultært og tverrfagleg forskings- og undervisningssenter med for tida 2,5 fast vitskapeleg tilsette, ei gruppe ph.d.-stipendiatar, postdoktorar og tilknytte forskarar, samt administrativ stab. Senteret har det faglege ansvaret for ei bachelorgrad og eitt årsstudium i kjønnsstudium ved UiB. SKOK tilbyr i tillegg ph.d-kurs, både i eigen regi og i regi av den nasjonale forskarskulen i kjønnsforsking. I tillegg til undervisningsoppgåver på lågare og høgare grad er det ein viktig del av den faglege verksemda å arrangere opne seminar som er relevante både for interne forskarar og for det større universitetssamfunnet og for omverda.

Arbeidsoppgåver:

  • Seminarundervisning og anna undervisningsstøtte
  • Arrangementsstøtte
  • Arbeidsstøtte for senterleiar og den vitskaplege staben
  • Tekstproduksjon og –bearbeiding, publiseringsstøtte

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå innan relevante fagfelt og god kjennskap til kjønnsforskingsfeltet. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis, god administrativ it-kompetanse og kjennskap til web-publisering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både bokmål, nynorsk og engelsk
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Undervisningserfaring vil vere ei føremon

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som vitskapeleg assistent (1020) i lønssteg 51–54, for tida 456 000–479 200 før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad elektronisk ved å klikke på knappen merkt «Søk stillinga» på denne sida.

Dette må følgje den elektroniske søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Namn og kontaktinformasjon på to referansepersonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format, og det må følgje med omsetjing til eit skandinavisk språk eller engelsk dersom dei ikkje er skrivne på eitt av dessa språka.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Tone Lund-Olsen, Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), tone.lund-olsen@uib.no, tlf. 55 58 33 12

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS