Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Konservator- mellombels – 2 stillingar

Søknadsfrist: Løpande

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Konservator- mellombels – 2 stillingar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgaver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk.

Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.

Ved Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, Universitetsmuseet i Bergen, er det frå og med 1. november 2019 ledig to mellombelse stillingar innan konservering og flytting av naturhistorisk materialeStillingane er kvar på 14 månader (kan bli forlenga). I samanheng med «Museumsprosjektet» ved UiB samt «Prosjekt sikring av samlingar» søkjer Universitetsmuseet to konservatorar som kan ta del i dette arbeidet. Dei som vert tilsette vil arbeide ved Seksjon for samlingsforvaltning og konservering. Seksjonen har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar til forskings- og formidlingsføremål og har 20 faste tilsette med arbeidsoppgåver tilknytt arkiv, foto, samlingsforvaltning og konservering.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil omfatte konservering/restaurering og klargjering av naturhistoriske objekt for utstilling og magasin. Arbeidet vil hovudsakeleg vere konsentrert om zoologiske objekt, men det vil og vere behov for klargjering og pakking av objekt frå geologiske og botaniske samlingar. Arbeidet omfattar og reingjering, sanering, flytting og pakking av objekt til/frå magasin, journalføring i database, samt montering av objekta i utstillingane. Arbeidsoppgåvene vil og omfatte preventiv konservering inkludert klimalogging og IPM i utstilling og magasin.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjent konserveringsutdanning (minimum Bachelor-nivå) innan konservering av naturhistorisk materiale
  • Minimum to års erfaring med aktiv konservering av naturhistorisk materiale
  • Erfaring frå arbeid med naturhistoriske utstillingar
  • Erfaring med handtering og registrering av naturhistoriske museumsgjenstandar og samlingar
  • Erfaring med preventiv konservering, inkludert klimalogging og IPM
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk, dansk) eller engelsk
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar:

  • Ha evne til å arbeide effektivt, nøyaktig, strukturert og målretta
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Kunne arbeide sjølvstendig, men òg ha gode evner til samarbeid
  • Vere positiv, fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø med fysisk arbeide

Den som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet. Kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid er ein føremon.

Det er vesentleg at dei som vert tilsette er eigna for stillingane, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085, LR 22) i lønssteg 47 - 53, for tida kr 421.700 – 464.800 i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn verte vurdert.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjon for samlingsforvaltning og konservering, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen ved Camilla C. Nordby, e-post: camilla.nordby@uib.no, tlf.: 97 65 96 32 eller
  • Christina Holmefjord, e-post: christina.holmefjord@uib.no, tlf.: 91 61 00 64

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS