Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent ved Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA)

Søknadsfrist: 01.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Det er ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent ved Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Stillinga lysast ut for 18 månader.

Senteret adresserer eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekter undersøkes beslutningstaking, legitimitet og maktbruk i velferdsstaten. Dei pågåande forskingsprosjekta som ligg til senteret omhandlar særleg barns vilkår i samfunnet og komparativ forsking på ulike barnevernssystem.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for prosjektleiar professor Marit Skivenes og andre vitskaplege medarbeidarar ved senteret i deira forskingsverksemd.

Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode, og vi søker ein person som har høge ambisjonar for forskinga og som ynskjer seg ei karriere innan forsking. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Sjå nettsida til Center for Research on Discretion and Paternalism (DIPA) og tilsettsida til professor Skivenes for meir informasjon om forskinga ved senteret.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og inkludere oppgåver i tilknyting til arbeid med: søknader om løyve for bruk av datamateriale; koding av datamateriale; administrere surveyundersøkingar; hjelpe forskarane ved senteret med praktiske oppgåver; innhente tal- og statistisk materiale; gjere statistiske køyringar; organisere konferansar og seminar; gjennomføre litteratursøk; samt ulike administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosiologi, statsvitskap, barnevern eller økonomi (andre relevante samfunnsvitskaplege fag kan bli vurdert). Graden må vere avlagt innan søknadsfristen.
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentera gode kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode, særleg kvantitativ metode, samt god kunnskap i bruk av statistiske analyseprogram som Stata eller SPSS.
  • Svært god språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg, krevjast
  • Gode språkkunnskapar i tysk og/eller spansk tel positivt
  • God administrativ IT - kompetanse
  • Det vert lagt vekt på eksamensresultat
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert er viktig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er påkravd
  • Høg arbeidskapasitet er naudsynt
  • Sterk motivasjon for forskingsområda til DIPA-senteret tel positivt

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som vitskapleg assistent kr 456 400 pr. år, (kode 1020 - lønssteg 51). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida.

Søknadsfrist: 1. august 2020

Søknaden skal merkast 20/5101.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS