Vitskapleg assistent (to stillingar) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Søknadsfrist: 19.03.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Vitskapleg assistent knytt til prosjektet Norchron
Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig to mellombelse stillingar som vitskapleg assistent. Stillingane er på inntil 50 % med varigheit i 12 månadar og moglegheit for forlenging. Stillingane lar seg kombinere med studiar, og det kan avtalast lågare stillingsprosent dersom det ikkje er til vesentleg ulempe for prosjektet. Oppstart vil vere august 2026 eller etter avtale.
Om prosjektet:
Prosjektet Norchron skal lage ein nasjonal, søkbar database med tekstar frå år 200 til 1800 e.Kr. Databasen vil bli eigna for forsking innan til dømes språkvitskap, filologi og historie, og tekstane vil òg bli tilgjengelege for eit breiare publikum. Tekstane vil bli annoterte med grammatisk informasjon, og kvart ord får òg ei omsetjing til moderne norsk. Prosjektet er eit infrastrukturprosjekt finansiert av Forskingsrådet, 2025–2029. Prosjektleiar er Dag Haug ved Universitetet i Oslo; lokal forskingsleiar ved Universitetet i Bergen er Kari Kinn.
Om instituttet:
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 13 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.
Arbeidsoppgåver:
Grammatisk annotering av eldre norsk tekst, særleg mellomnorsk. Hovudoppgåver er lemmatisering (knyting av ordformer til oppslagsord) og oppmerking av ordklasse.
Morfologisk og syntaktisk annotering kan òg bli aktuelt.
Dokumentasjon og utvikling av rutinar for annotasjon kan bli aktuelt.
Nokre praktiske/organisatoriske oppgåver og andre oppgåver i prosjektet etter avtale.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Du må ha studiepoeng i språkfag (nordisk språkvitskap, norrøn filologi eller lingvistikk).
Du må ha gode grammatiske kunnskapar.
Du må ha gode kunnskapar om eldre nordisk språk; norrønt eller mellomnorsk er særleg relevant.
Du må vere ryddig, nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.
Du må ha interesse for å lære deg nødvendige teknologiske og filologiske verktøy.
Du må ha interesse for grammatikk og språkhistorie og personleg motivasjon for stillinga.
Arbeidet kan gjerast på distanse om nødvendig (innalands).
Løn som vitskapleg assistent, som for tida svarer til ei brutto årsløn på kr 525 000 for dei med mastergrad (stillingskode 1020), kr 465 000 for dei med bachelorgrad (stillingskode 1019) og kr 435 800 for dei utan fullført grad (stillingskode 1018). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søknaden må innehalde:
Ein kort presentasjon av dine kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og motivasjon for å søkje stillinga.
CV.
Karakterutskrifter og vitnemål som dokumenterer høgare utdanning.
Namn og kontaktinformasjon til to referansar.
Relevante stadfestingar og attestar.
Søknad, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte professor Kari Kinn (kari.kinn@uib.no), eller instituttleiar Anders Fagerjord (anders.fagerjord@uib.no). Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.