LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent tilknytta Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA)

Søknadsfrist: 01.02.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent tilknytta Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter. Vi ønsker en person som har sterk interesse for forskning, og som har ambisjonar om ein doktorgrad. Stillinga lysast ut for 13 månader med mulighet for forlenging. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.Senteret adresserer eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekter undersøkes beslutningstaking, legitimitet og maktbruk i velferdsstaten. Dei pågåande forskingsprosjekta som ligg til senteret omhandlar særleg barns vilkår i samfunnet og komparativ forsking på ulike barnevernssystem.Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for prosjektleiar professor Marit Skivenes i hennar gjennomføring og leiing av forskningsprosjekta. Vi søker ein person som har høge ambisjonar for forskinga og som ynskjer seg ei karriere innan forsking. Sjå nettsida til Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA) og tilsettsida til professor Skivenes for meir informasjon om forskinga ved senteret.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil inkludere oppgåver i tilknyting til arbeid med koding av datamateriale; administrere surveyundersøkingar; hjelpe forskarane ved senterets prosjekter med praktiske oppgåver; innhente tal- og statistisk materiale; gjere statistiske køyringar; organisere konferansar og seminar; gjennomføre litteratursøk; samt ulike administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i statsvitskap eller sosiologi (andre relevante samfunnsvitskaplege fag kan bli vurdert). Graden må vere avlagt innan søknadsfristen.
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentera gode kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativ og kvantitativ metode.
  • Svært god språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg, krevjast.
  • God administrativ IT – kompetanse.
  • Det vert lagt vekt på eksamensresultat.
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert er viktig.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er påkravd.
  • Høg arbeidskapasitet er naudsynt.
  • Motivasjon for forskingsområda til DIPA-senteret tel positivt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ 1020), for tida NOK 468 300 brutto.For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida.

Søknadsfrist: 1 Februar 2022.

Søknaden skal merkast 2021/20543.

Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR Hanne Cappelen - hanne.cappelen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert aldersog kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS