Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent - 50 % stilling (Institutt for framandspråk)

Søknadsfrist: 22.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent på CLIMLIFE-prosjektet

Institutt for framandspråk skal tilsetje ein vitskapleg assistent i 50 % stilling på NFR-prosjektet “Living with climate change: motivation and action for lifestyle change” (CLIMLIFE). Den som blir tilsett, får arbeidsplassen sin ved Institutt for framandspråk, Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen. Tilsetjing i åremål for en periode på to år frå 1. august 2020 til 31. juli 2022. Kortare tilsetjingsperiode kan avtalast.

Institutt for framandspråk (IF) har i underkant av seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjuefem ph.d.-stipendiatar, fem postdoktorar, ti administrativt tilsette, og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Ved instituttet blir det forska og undervist i språk, litteratur, historie/kulturkunnskap og fagdidaktikk, og innanfor faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium.

Prosjektet CLIMLIFE har som overordna spørsmål kva det er som motiverer (eller ikkje motiverer) til klimavenleg levemåte. Prosjektet er fleirfagleg og skal i tillegg til språklege analysar av data frå sosiale media gjennomføre meiningsmålingar. Å leve under klimaendringar har blitt eit viktig spørsmål over heile verda. Medan det er stor semje om alvoret i situasjonen, må folk òg kome vidare med sine daglege val og levemåte. Korleis knyter folk dei politiske og eksistensielle utfordringane som følgjer klimaendringane til deira daglege val av levemåte, kva motiv kan dei ha for endring? CLIMLIFE-prosjektet reiser desse spørsmåla om den rolla klimaet spelar i livsstilsval, gjennom ei tverrvitskapleg metodologisk tilnærming med basis i språklege studiar av data frå Facebook og opne spørsmål i meiningsmålingar. Prosjektet legg særleg vekt på synet til unge menneske. Vi bruker teori og metodar henta frå språkleg polyfoni (fleirstemtheit), temaanalyse, «framing»-teori, narratologi, og kombinerer kvantitative (halv-)automatiske og kvalitative metodar.

Arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, vil mellom anna ha følgjande oppgåver:

  • Hjelpe til med å samle inn og strukturere språklege data
  • Opprette og halde ved like nettsider
  • Hjelpe til med samarbeid med elevar i vidaregåande skule
  • Koordinere kontakt mellom prosjektdeltakarane
  • Organisere møte både innanfor og utanfor akademia
  • Organisere ein konferanse

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar bør ha mastergrad, men søkjarar med annan relevant bakgrunn kan bli vurderte.
  • Stillinga krev gode kunnskapar i engelsk og norsk språkbruk.
  • Kunnskapar i fransk språk er ein føremon.
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid
  • Evne til å gjennomføre arbeidsoppgåver effektivt
  • Erfaring frå arbeid med nettsider og anna formidling
  • Erfaring med å koordinere og organisere arrangement og fellestiltak

Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Kandidatar med kompetansane tilsvarande bachelorgrad blir tilsett som vitskapleg assistent (1019) med løn tilsvarande lønssteg 42, for tida 396 700,- i full stilling før skatt per år. Kandidatar med kompetanse tilsvarande mastergrad blir tilsett som vitskapleg assistent (1020) med løn tilsvarande lønssteg 51, for tida 456 000,- i full stilling før skatt per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN», og dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar)
  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Andre opplysningar:

For utfyllande opplysningar når det gjeld denne stillinga, kan ein kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS