Vitskapeleg assistent (80 %) ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Søknadsfrist: 18.01.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Vitenskapeleg assistent
Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 6 månadar i 80 % stilling. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.
Arbeidsoppgåver:
Den vitskaplege assistenten vil arbeide med fleire pågåande forskingsprosjekt innan medievitskap som primært nyttar kvalitative metodar: Prepare, iFAM og MUCS. Som ein del av arbeidet med Prepare vil stillinga bidra til den norske delrapporten for Reuters Digital News Report.
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Transkribering
Organisering av referansebibliotek
Bidra til litteraturgjennomgangar
Gjennomføre litteratursøk og transkriberingar
Støtte formidlingsaktivitetar (t.d. arrangement, video- og tekstproduksjon)
Bidra til skriving av tekstar til den norske Reuters-delrapporten
Utarbeide og revidere figurar til Reuters-rapporten
Korrekturlesing
Stillinga er 80 %, fordelt om lag slik: 50 % Prepare (inkludert Reuters), 25 % MUCS og 5 % iFAM.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad, helst innan medievitskap eller journalistikk, men andre samfunnsvitskaplege fag er også aktuelle.
Interesse for nyheitskonsum og/eller etnografisk arbeid er ønskjeleg.
Erfaring med skriving av akademiske tekstar (5–10 sider)
Gjerne erfaring med litteratursøk og Zotero.
God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn som vitenskapeleg assistent (kode 1020) i årsløn kr. 509 300,-.
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge.
Søknadsfrist: 18.1.2026. Søknaden skal merkast 2025/15566
Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til rådgjevar Lene Angelskår, e-mail lene.angelskar@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.