Vikar vertsansvarleg (seniorkonsulent) ved Universitetsmuseet i Bergen
Søknadsfrist: 02.12.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga:
Ved Avdeling for forskningskommunikasjon og formidling, Universitetsmuseet i Bergen, er det behov for eit vikariat i 65% stilling som vertsansvarleg (seniorkonsulent) i perioden 01.01.2026 – 07.04.2026.Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet: https://www.uib.no/universitetsmuseetVertsansvarleg seniorkonsulent vil ha særskilt ansvar for å administrere museets førstelinje og koordinere den daglege drifta av museumsbygget knyta til møtet med publikum. Den daglege drift omfattar mellom anna museumsbygget sin bemanning og vidareutvikling av ulike serviceoppgåver.
Arbeidsoppgåver:
Koordinering av dagleg drift av publikumsareala i Universitetsmuseet, tenestekoordinator opp mot aktuelle underleverandørar
Koordinere og administrere kunnskapsvertar, arbeidsplanar, ferieavvikling og rutinar for bemanning gjennom museet sine tilgjengelege ressursar
Utføre og vidareutvikle serviceoppgåver som oppfølging av anleggsregister, rapporteringar, tilgangar, bestillingar, leveringar, arrangementsavvikling m.m.
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgare utdanning på bachelornivå og relevant erfaring. Særskilt god og relevant røynsle kan nokre gonger kompensere for kravet om formell utdanning
Brei røynsle frå det dagleg driftsaspektet av ei verksemd
God innsikt i gjeldande lover, reglar og rutinar knytt til tilsette sine rettigheiter Kompetanse frå drift av butikk- og billettsystem
Røynsle frå tenesteutvikling av support-, drift- og interne kommunikasjonsrutinar
Røynsle frå og god forståing for museal drift generelt og publikumshandtering spesielt Røynsle frå opplæringsverksemd
God forståing for logistikk knytt til administrering av større grupper menneske
God evne til å kunne arbeide i team, og god evne til sjølvstendig, målstyrt og resultatorientert arbeid
Ved vurdering av den best kvalifiserte vil det verte lagt vekt på erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn som seniorkonsulent (kode 1363), er for tida frå kr 586 100 brutto pr. år, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eli Kristine Økland Hausken, telefon 55589363, e-post: eli.hausken@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.