Utviklar av KI-løysningar (senior/overingeniør) ved IT-avdelinga – strategisk KI-satsing
Søknadsfrist: 10.06.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Om stillinga:
Senior/overingeniørVi søkjer ein dyktig og nysgjerrig KI-ingeniør som vil vere med på å byggje nye tenester baserte på kunstig intelligens. Stillinga vil ha eit særleg fokus på integrasjonar mot ulike LLM-leverandørar og LLM-ar på lokal infrastruktur, samt tilrettelegging for agentar med utvikling av koplingar mot lokale kunnskapsbasar og andre verksemdssystem (MCP m.m.).Du vil jobbe tett med utviklarar, produktansvarlege og fagmiljø, og bidra både i tidleg utforsking og i produksjonssetjing av robuste KI-tenester.Stillinga vil vere knytt til gruppa for «Arkitektur og skysatsing» og skal bidra til det nyoppretta KIX-teamet som utviklar nye og innovative KI-tenester for universitetet.Om IT-avdelingaIT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga leverer eit breitt spekter av tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Avdelinga består av om lag 130 tilsette med variert kompetanse og bakgrunn, og vi deltek i mange spennande aktivitetar på tvers av heile universitetet.
Arbeidsoppgåver:
Som KI-ingeniør vil du mellom anna kunne arbeide med:
Design og implementering av integrasjonar mot ulike LLM-ar, både kommersielle tenester og opne modellar
Drift og oppsett av LLM-ar på lokal infrastruktur
Utvikling av MCP-ar og andre tilsvarande metodar for å gi agentar kontekst og moglegheit til integrasjon med lokale system
Bygging av nye KI-baserte tenester for interne og eksterne brukarar
Integrasjon av KI-komponentar i eksisterande system og tenesteplattformer
Utforming av arkitektur for sikre, skalerbare og kostnadseffektive KI-løysingar
Bidra til beste praksis innan tryggleik, personvern og ansvarleg bruk av KI
Testing, evaluering og kontinuerleg forbetring av modellar, agentar og tenester
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgare utdanning innan informatikk, datateknologi, maskinlæring eller tilsvarande relevant fagområde
Solid erfaring med programvareutvikling i Python, JavaScript eller tilsvarande
Erfaring med eller god forståing for LLM-ar og tilhøyrande API-ar
Erfaring med API-design, integrasjonar og distribuerte system
Kunnskap om bruk av opne modellar er ein fordel
Erfaring med konteinarteknologi (Docker, Kubernetes o.l.) og moderne drift er ein fordel
God forståing for tryggleik og tilgangsstyring
Personlege eigenskapar:
Serviceinnstilt og løysingsorientert
God gjennomføringsevne
Evne til å samarbeide og dele kunnskap
Nysgjerrig og lærevillig
Sjølvstendig, strukturert og med god detaljforståing
For stilling som senioringeniør krevst mastergrad innan relevant fagområde, eller tilsvarande kompetanse oppnådd gjennom relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.Du må kunne kommunisere godt på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt med berre engelsk ved tilsetjing. I slike tilfelle er det obligatorisk å gjennomføre og bestå norskkurs nivå to innan to år.Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
Eit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med mange spennande aktivitetar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Stilling som overingeniør (kode 1087) i årsløn kr. 642 000 – 710 000, eller senioringeniør (kode 1181) i årsløn kr. 722 000 - 850 000, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: gruppeleiar Gisle Aas (gisle.aas@uib.no, mobil 932 41 450) og produktområdeleiar forsking Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og dette regelverket kan bli relevant ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.