Universitetslektor (vikariat) i nordisk litteratur
Søknadsfrist: 14.05.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Universitetslektor (vikariat) i nordisk litteratur ved Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat til ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i nordisk litteratur ved Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar. Stillinga er eit vikariat med planlagd oppstart 01.08.2026 og har varigheit til og med 31.07.2028.
Om instituttet:
Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Arbeidsoppgåver:
I stillinga vil du mellom anna ha ansvar for:
Undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå innan nordisk litteratur.
Sensurarbeid på bachelor- og masternivå.
Administrative oppgåver knytt til undervisning.
Ta del i den faglege utviklinga ved instituttet.
Undervisningsspråket er norsk, svensk eller dansk.
Kvalifikasjonar og personelge eigenskapar:
Den som vert tilsett, må ha:
Norsk mastergrad eller hovudfag i nordisk litteratur eller anna relevant fag.
Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning eller røynsle med undervisning og rettleiing.
Ferdigheiter til å undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Det er ein føremon med:
Erfaring med undervisning og rettleiing i nordisk litteratur på universitetsnivå.
Publiserte forskingsresultat i nordisk litteratur.
I vurderinga av søkjarar vil det bli lagt vekt på mogelegheita for å tre raskt inn i inn undervisningsoppgåvene.
Det blir lagt særleg vekt på evne til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Personlege eigenskapar blir vektlagd i vurderinga.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer. Det er forventa at den som vert tilsett, jamleg er til stades på campus. Krav om nærvære på campus kan variere gjennom tilsettingsperioden.
Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
Løn som universitetslektor (kode 1009), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 625 500 – 665 500 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «Søknadstekst»:Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga.
Under «CV»,oppgi:
Personalia.
Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
Språkferdigheiter.
Minst to referansepersonar. Personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar vil vere særleg relevante.
Under «Vedlegg» skal du laste følgjande oppsom separate dokument:
Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk erfaring).
Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
Eventuelle evalueringsrapportar eller anna tilbakemelding på eiga undervisning.
Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.
Inntil fem vitskaplege arbeid.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.