Universitetslektor innan geovitskap tilknytt etter- og vidareutdanning
Søknadsfrist: 18.02.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Universitetslektor
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei eksternfinansiert 6-månaders mellombels stilling som universitetslektor innan geovitskap, med ansvar for etter- og vidareutdanning. Det kan vere aktuelt å forlenge stillinga dersom ytterlegare eksternfinansiering sikrast til formålet.
Om instituttet
Det overordna målet for Institutt for geovitskap (GEO) er å utvikle ny kunnskap om jorda sin struktur, danningshistorie og forståinga av dei drivkreftene som påverkar jorda sin dynamikk. Forskingsaktivitetane ved GEO er organisert rundt følgjande forskargrupper: Geofysikk, Geodynamikk og bassengstudiar, Geokjemi og geobiologi og Kvartærgeologi og paleoklima. For tida har GEO ein fast vitskapleg stab på 40 tilsette, 33 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgradsstipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på 38 tilsette. Institutt for geovitskap har ei sentral rolle i UiB sin strategi gjennom sine satsingsområde, særleg når det gjeld klima og energiomstilling. For å takle dagens og morgondagens samfunnsutfordringar er det behov for kompetansen som instituttet innehar, og det er behov for å få denne ut i samfunnet. For å bidra med kompetanseheving i samfunnet og utøve sitt samfunnsansvar, søkjer instituttet å tilby etter- og vidareutdanning innan geovitskap med særleg fokus på energiomstilling. Den annonserte stillinga vil jobbe spesielt inn mot dette utdanningstilbodet.
Instituttet har fleire etter- og vidareutdanningskurs i si portefølje, retta mot fleire ulike bransjar og samfunnsgrupper. Blant anna ein emnepakke retta mot lærarar som ynskjer fagleg påfyll og vil bygge undervisningskompetanse innan geofag/naturfag, og kurs i energiomstilling for bank- og finansnæringa. I tillegg er fleire emne under planlegging, herunder fleire digitale mikroemner innan klima, energiomstilling og berekraft, og eit større emne på masternivå som skal omhandle energiomstilling.
Utdanning spelar ei viktig rolle i å realisere våre ambisjonar, og vi ynskjer å samkøyre undervisningsaktivitetane meir med forskingsfronten gjennom å nytte moderne teknologi og metodikk i heile læreplanen. I 2020 fekk instituttet status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Vi fokuserer difor meir og meir på å implementere studentaktive læringsmetodar, samstundes som vi legg til rette for ein kollegial atmosfære der deling og formidling av undervisningspraksis er kjerneverdiar.
Arbeidsoppgåver:
Utvikling av undervisningstilbod og undervisningsmateriell for nye mikroemner i samarbeid med undervisarar og UiB Videre.
Utvikling av nytt emne i energiomstilling for erfaringsbasert master fornybar energi.
Bidra inn i drift av instituttets etter- og vidareutdanningsportefølje i tett samarbeid med undervisarar, studieadministrasjon og UiB Videre. Dette inkluderer også medansvar for fagleg utvikling og innhaldsutvikling.
Gjennomføring av undervisning (digitale kveldssamlingar) i enkelte kurs.
Ein del kursadministrasjon og andre relevante arbeidsoppgåver må også påreknast.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå innan geovitskap.
Erfaring frå drift, organisering og utvikling av tilbod om etter- og vidareutdanning er eit krav.
Erfaring frå drift og utvikling av nettbaserte kurs er eit krav.
Erfaring frå kursdrift i Canvas/Mitt UiB er eit krav.
Erfaring frå utvikling og gjennomføring av varierte undervisningsformer, som for eksempel flipped classroom er ein fordel.
Erfaring frå administrasjon og drift av kurs i FS er ein fordel.
Interesse for arbeidslivsrelevans og eit ønske om å styrke samarbeidet mellom akademia og arbeidslivet er ein fordel.
Søkjarar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan tiltre og fungere raskt i stillinga.
Personlege eigenskapar
Du må:
kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
vere ein imøtekommande og serviceinnstilt nettverksbyggjar
vere kontaktsøkjande, initiativrik og utåtvend
vere systematisk og løysingsorientert
ha gode kommunikasjons- og formidlingsegenskaper
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
stilling som universitetslektor (kode 1009 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr 630 000,- til kr. 680 000,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga
dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse
namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Atle Rotevatn, Institutt for geovitskap, e-post: Atle.Rotevatn@uib.no, tlf. 55 58 33 90.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.