Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor i nordisk språkvitskap og fagdidaktikk

Søknadsfrist: 01.03.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei fast stilling (100 %) som universitetslektor i nordisk språkvitskap og fagdidaktikk.

Det er ønskeleg å tilsetje ein person som har kompetanse både i nordisk språkvitskap og i nordisk fagdidaktikk. Dersom det ikkje melder seg søkjarar som kan dekkje både dei språkvitskaplege og dei didaktiske disiplinane, kan stillinga likevel bli delt i to: ei 50 % stilling i nordisk språkvitskap og ei 50 % stilling i nordisk fagdidaktikk. Ein søkjar kan derfor velje å søkje berre på den språkvitskaplege eller den fagdidaktiske delen. Dette må gå fram av søknaden.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til etter- og vidareutdanningane i nordisk, for tida meir spesifikt ordninga Kompetanse for kvalitet. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning på campus og over nettet, kommentering av obligatoriske oppgåver, oppdatering og vidareutvikling av emneplanar, undervisningsressursar og eksamensarbeid. I tillegg kjem noko administrasjon og koordinering.

Den som vert tilsett, skal undervise breitt i nordisk språkvitskap. Den fagdidaktiske kompetansen må vere innretta slik at norskfaget skal kunne dekkjast i full breidde, både litteratur og språk. Den som blir tilsett, vil få ansvar for å vidareutvikle etter- og vidareutdanningstilbodet i nordisk i samarbeid med det øvrige kollegiet på instituttet. Den som vert tilsett vil også få ansvar og moglegheit til å utvikle nye etter- og vidareutdanningstilbod og samordne desse med den øvrige verksemda på instituttet.

Kvalifikasjonar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utdanning i nordisk språk og litteratur. Den som vert tilsett, må ha den formelle kompetansen innanfor fagfelt som er klart relevante for stillinga, og må kunne dokumentere fagleg breidde som kvalifiserer for arbeidsoppgåvene. Allereie gjennomført pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Søkjarar bør ha brei røynsle frå norskundervisning i skulen. Desse krava gjeld òg for kvar stillingsdel dersom stillinga blir delt i to som omtalt ovanfor.

Den som vert tilsett, må meistre både bokmål og nynorsk svært godt.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009 / LR25) avhengig av tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida mellom 463 600 – 572 700,- i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar
  • Oversikt over undervisningserfaring.
  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil 3 vitskaplege arbeid (avhandlingar, monografiar eller artiklar). Populærfaglege og praksisretta arbeid, som til dømes læremiddel, kan sendast inn i staden for vitskaplege arbeid.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og kan også bli kalla inn til prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS