LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor EVU

Søknadsfrist: 01.06.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Universitetslektor

Ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som universitetslektor i 50% stilling knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod. Stillinga er ledig ut 2026, med mogelegheit for forlenging. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga snarast mogeleg.

Om stillinga:

Kurstilbodet er sett saman av ulike frittståande emne som med masteroppgåve kan settast saman til ein erfaringsbasert mastergrad. Tematisk er EVU-tilbodet innretta mot politisk utvikling, demokrati og menneskerettar med kurs som omhandlar demokratiassistanse, val og menneskerettsobservasjon, business and human rights, samfunnssikkerheit og krisehandtering, europeisk sikkerheitspolitikk og korrupsjonsgransking i tillegg til metodekurs. Studentane tek kursa på deltid, men kurstilbodet har i aukande grad vorte digitalisert som heilt eller delvise nettkurs. Du kan lese meir om EVU-tilbodet her. For meir informasjon om instituttet, forskingsaktivitetar og utdanningstilbod viser vi til Institutt for samanliknande politikk

Stillinga har desse hovudoppgåvene:

  • Assistere med planlegging, organisering og oppfølging av undervisning knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod
  • Assistere med koordinering av kursprogram, kontakt og oppfølging av undervisarar og fagleg kontakt med studentar
  • Kontaktpunkt til UiB Videre
  • Oppfølging av eventuelle vitskapelege assistentar knytt til emna.
  • Det kan verte aktuelt med andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet.
  • Det kan verte endringar i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi ser etter deg som: 

  • har mastergrad i samanliknande politikk eller statsvitskap
  • har gode metodekunnskapar
  • har røynsle med undervisning, utviklingsarbeid og rettleiing, gjerne frå etter- og vidareutdanningssektoren
  • har erfaring med digitalisering av undervisning, røynsle med digitale læringsplattformar er ein føremon 
  • er strukturert, organisert og løysingsorientert
  • gode norsk- og engelskkunnskapar
  • har gode samarbeidsevner

Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Det kan verte aktuelt med prøveforelesing før tilsetjing.

Vi kan tilby:

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
  • Årsløn som universitetslektor, kode 1009, mellom kr. 653 000 – 688 000 i 100 % stilling. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar (medlemskap i Statens pensjonskasse)
  • Gode trenings- og velferdstilbod

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar

Den som vert tilsett i stillinga er forventa å ha sin arbeidsstad i Bergen og bidra aktivt til det faglege miljøet ved instituttet.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadar som vert sende på e-post eller utan etterspurd dokumentasjon vil ikkje verte vurderte. 

Søknadsfrist er 01.06.2026

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Leiv Marsteinstredet, leiv.marsteintredet@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS