LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (30%) i tekstil

Søknadsfrist: 27.03.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Universitetslektor

Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (30%) i tekstil. Stillinga er for 6 år, og tilsetjing er ønska frå 1. august 2026.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein universitetslektor til undervisning og rettleiing innan fagområdet tekstil.

Som eit av dei åtte fokusområda våre er tekstil ein integrert del av den samla undervisninga som blir gjeven ved instituttet. Stillinga krev eit sterkt engasjement for undervisning og for den kunstnariske utviklinga til studentane. Den som blir tilsett må gi rettleiing primært på BA-nivå og vil vere hovudrettleiar for studentar som arbeider med fleire medium/uttrykksformer.

Søkjarar må ha ein anerkjent kunstnarleg praksis eller utviklingsarbeid av eit visst omfang relatert til tekstil og ei teoretisk forståing av dette feltet innan samtidskunst.

Søkjar bør ha ei brei, praksisbasert forståing av tekstil, med ferdigheiter i veving, trykk og tekstilmanipulasjon gjennom analoge og/eller digitale prosessar; eller avansert kompetanse innan eitt av desse områda, inkludert farging. Kunnskap om andre tekstilteknikkar(som strikking, hekling eller knipling, broderi og laserskjering, osv.) er ønskjeleg. Potensielle kandidatar må kunna artikulera ulike perspektiv på tekstil og relaterte praksisar, både kunstnarisk og tematisk. I tillegg skal undervisninga byggja på brei kunnskap om samtidskunst, kunsthistorie og tekniske aspekt.

  • Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid hovudsakleg på BA-nivå, evt. også MA-nivå.
  • Emneansvar
  • Studentrekruttering og opptaksarbeid.
  • Organisere og legge til rette for undervisning og faglege aktivitetar i samarbeid med fagstab.
  • Styrke fagfeltets relevans og posisjon. · Administrative oppgåver, råd og utval

Lista er ikkje uttømmande. Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan kunst. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfrist.
  • Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg praksis og relevant erfaring. 
  • Pedagogisk basiskompetanse er eit krav, men den som vert tilsett kan få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • Det er eit ønskje at søkjar har relevant undervisningserfaring, samt engasjement og interesse for undervisning.
  • Det er eit ønskje at søkjar har administrativ erfaring, samt erfaring med formidling av kunstnarisk praksis i offentlege eller faglege kontekstar.
  • Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetting. Søkar må også ha gode kunnskapar i engelsk.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein fagleg vurderingskomité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande 625 500 – 690 000kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse. 
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV.
  • Vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar, inkl. dokumentasjon på oppnådd mastergrad.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og/eller kunstnarleg verksemd
  • Liste over kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Katrine Hjelde, mob. +47 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på hrkmd@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Katrine Hjelde (Instituttleder), +47 455 19 545
  • Katrine.Hjelde@uib.no (HR ved KMD), hrkmd@uib.no
Powered by Labrador CMS