Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Tannhelsesekretær (fleire stillingar)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig faste heiltids- og deltidsstillingar som tannhelsesekretær.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.
Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.
Arbeidsoppgåver:
pasientomsorg
assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
røntgenfotografering
opplæring av studentar i hygiene
oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
pasientadministrative oppgåver
kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
Andre oppgåver kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
kompetanse innan data og Opus journalsystem
handtere telefonar
evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
lønssteg 38-44 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.10), for tida 376 500 – 408 600 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.