Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Tannhelsesekretær (vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig et 100% vikariat som tannhelsesekretær frå 01.06.2026 til 18.12.2026 med moglegheit for forlenging. Arbeidsstad for tiden er på seksjon for Kjeve- og Ansiktsradiologi og Oral Diagnostikk. Erfaring med røntgenbildeopptak er derfor ønskjeleg, ytterlegare opplæring vil kunne bli gitt
Som tilsett hos oss vil du få moglegheit til å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: barnetannpleie, endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, periodonti, hovudresepsjon og oral diagnostikk.
Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Pasientomsorg inkludert mottak, informasjon og støtte under undersøkelse
Pasientadministrative oppgåver
Utføre og handtere forskjellige røntgenopptak i samsvar med gjeldene regelverk
Rettleie og følgje opp studentar i klinisk opplæring i røntgenopptak
Assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
Opplæring av studentar i hygiene
Oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
Andre oppgåver kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
Erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
Ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kompetanse innan data og Opus journalsystem
Handtera telefonar
Evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn for tida kr 500 000 (kode 1545) i lønsregulativet i staten. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
Kva stillingsbrøk du ønskjer
Kopiar av vitnemål og relevante attestar
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonstannhelsesekretær Malgorzata Rasmussen(malgorzata.rasmussen@uib.no, tlf: 41379689) eller overtannlege Inger Johanne Bruntveit (Inger.bruntveit@uib.no, tlf: 55586619).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk
Odontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene.
Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy.
Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter.