Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 02.02.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Studiekonsulent (seniorkonsulent)
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for politikk og forvaltning og Sosiologisk institutt, og den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med dei andre studiekonsulentane i fellesadministrasjonen. Den utlyste stillinga vil ha eit særleg ansvar for bachelorprogramma ved Institutt for Samanliknande politikk.
Studiekonsulentane er viktige støttespelarar for instituttleiinga og administrasjonssjefen i arbeidet med å rekruttere, behalde og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium ved institutta.
Administrativ støtte til instituttleiinga i utdanningssaker
Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
Eksamensarbeid
Studierettleiing, rekrutterings- og informasjonsarbeid
Generell studieadministrativ sakshandsaming
Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av utdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen
Koordinering av seminarundervisninga
Andre studieadministrative oppgåver
Arbeidsoppgåver knytt til undervisninga ved dei tre institutta justerast jamleg og dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad, men ein mastergrad vil vere ein føremon. Det er og ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen, like eins studieadministrativ praksis. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Vi kan tilby:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som seniorkonsulent, kode 1363, utgjer for tida mellom kr. 586 100, - og 616 100, -. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte fellesadministrasjonen ved studieleiar Cathrine Bustad Jensen; cathrine.bustad@uib.no eller administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs: Charlotte.Lillefjaere@uib.no.
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2026/569.
Søknadsfrist: 02.02.2026.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.