Seniorkonsulent (studie, ph.d. og forsking) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 05.08.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Seniorkonsulent
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som seniorkonsulent ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for politikk og forvaltning og Sosiologisk institutt, og den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med studiekonsulentane og andre i fellesadministrasjonen. Den utlyste stillinga vil ha eit særleg ansvar for masterprogram og forskarutdanning ved Institutt for politikk og forvaltning og Institutt for samanliknande politikk, samt nokre oppgåver knytt til forskingsadministrasjon.
Administrativ støtte til instituttleiinga i saker som vedgår masterprogram, forskarutdanning og forskingsadministrasjon
Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av masterutdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen
Generell studieadministrativ sakshandsaming
Studieadministrativ støtte ved oppretting og gjennomføring av ph.d-kurs
Planlegging og gjennomføring av disputasar
Sekretær for forskingsadministrative utval ved institutta
Andre administrative oppgåver
Arbeidsoppgåver knytt til undervisninga ved dei tre institutta justerast jamleg og dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Tidlegare erfaring med undervisning og/eller undervisningsplanlegging
God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn som seniorkonsulent, kode 1363, utgjer for tida mellom kr 611 000,- og 630 000,-For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte fellesadministrasjonen ved studieleiar Cathrine Bustad Jensen; cathrine.bustad@uib.no eller administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs: Charlotte.Lillefjaere@uib.no.
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknadsfrist: 5. august 2026
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.