LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (prosjektkoordinator universitetspedagogikk)

Søknadsfrist: 22.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % stilling som seniorkonsulent (prosjektkoordinator universitetspedagogikk). Den som blir tilsett vil utføre administrative oppgåver knytt til den daglege drifta av den universitetspedagogiske utdanninga. Til stillinga ligg det vidare koordineringsoppgåver knytt til utvikling og implementering av nye data- og informasjonssystem for den universitetspedagogiske utdanninga.

Program for universitetspedagogikk har nyleg vore gjennom ei omfattande fagleg revidering og omfanget av kursaktiviteten har blitt mykje meir omfattande og kompleks enn tidlegare. Det er behov for ein prosjektkoordinator som kan sikre utvikling av nye tekniske og administrative løysingar av høg kvalitet som samsvarer med innhaldet i det nye universitetspedagogiske programmet. Den som vert tilsett vil samarbeide tett med dei vitskapleg tilsette ved Program for universitetspedagogikk samt andre relevante avdelingar ved UiB. Meir informasjon om Program for universitetspedagogikk finn ein her.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinere og bidra inn i arbeid knytt til utvikling og implementering av nye data- og informasjonssystem for den universitetspedagogiske utdanninga.
  • Informasjonsverksemd.
  • Oppdatere nettsider samt kursinformasjon i Mitt UiB.
  • Drive utviklings- og kvalitetssikringsarbeid knytt til Program for universitetspedagogikk.
  • Følgje opp kurspåmeldingar og oppnådde resultat i fellessystema som Universitet i Bergen nyttar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant doktorgradsutdanning kan bli vektlagt.
  • Erfaring frå prosjektutvikling er ei føremon.
  • Må ha god generell IT-kompetanse.
  • Ønskjeleg med erfaring og kjennskap til fellessystema som Universitetet i Bergen nyttar til studieadministrativt arbeid (til dømes Felles Studentsystem (FS), Mitt UiB, ePhorte, CRIStin).
  • Ønskjeleg med god kjennskap til den administrative organiseringa av Universitet i Bergen.
  • God skriftleg og munnleg engelsk og norsk.

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • er sjølvstendig, effektiv, strukturert og målretta
  • er nøyaktig og pliktoppfyllande
  • er initiativrik, serviceinnstilt og har god gjennomføringsevne
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • kan ta ansvar og leiing

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 52 - 58 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årslønn på kr 475 800 - 524 900. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS