Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seminarleiarar ved Det psykologiske fakultet våren 2027

Søknadsfrist: 02.12.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Seminarleiarar

Det psykologiske fakultet lyser ut ledige stillingar som seminarleiar for våren 2027.

Det gjeld emna:

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre seminar. Seminara vil i hovudsak vere på dagtid.

  • Diskutere faglege problemstillingar med studentane på seminargruppene.

  • Stillinga kan innebere retting av skriftlege oppgåver frå studentane.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha teke eksamen i emnet du vil vere seminarleiar i. Tilsvarande emne kan vurderast.

  • Du må ha gode karakterar og ha minimum 30 studiepoeng i psykologi.

  • Det er ein føremon om du er aktiv student eller nyleg har vore student ved Det psykologiske fakultet.

  • Det er ein føremon om du har relevant erfaring.

Vidare forventningar til deg:

  • Du er motivert for å undervisa i emnet du søkjer til.

  • Du er motivert til å arbeide med ferske studentar og kan bidra til å etablere eit godt læringsmiljø for dei.

  • Du likar å jobbe med menneske, er imøtekommande og liker å leggje til rette for aktiv læring.

  • Du kan arbeide sjølvstendig, er strukturert og god til å planleggje.

Vi tilbyr:

  • Relevant jobb innanfor det du studerer

  • Verdifull røynsle innan undervising og rettleiing

  • Løn som fagkonsulent (stillingskode 0389):

    • utan bachelorgrad: kr 455 000 (i 100 % stilling)

    • med bachelorgrad: kr 470 200 (i 100 % stilling)

    • med mastergrad: kr 519 400 (i 100 % stilling)

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Gode velferdsordningar

Søknaden må innehalde:

  • søknadstekst om din motivasjon for å søke stillinga og eventuelle erfaringar

  • emne du vil vere seminarleiar i, og talet på grupper du ønsker å undervise

  • CV

  • karakterutskrift frå Studentweb eller lenke frå Vitnemålsportalen

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og tre senter. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Se video

Søk på stillingen

Spørsmål om stillingen

  • Ståle Pallesen (Professor), +4755588842, staale.pallesen@uib.no

Powered by Labrador CMS