LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seminarleiarar ved Det psykologiske fakultet hausten 2026

Søknadsfrist: 21.06.2026

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. 

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og tre senter. Les mer om fakultet og tilhørende institutt. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet 

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. 

Seminarleiarar 

Det psykologiske fakultet lyser ut ledige stillingar som seminarleiar for hausten 2026. 

Det gjeld emna: 

Arbeidsoppgåver: 

  • Planlegge og gjennomføre seminar. Seminara vil vere på dagtid. 

  • Diskutere faglege problemstillingar med studentane på seminargruppene. 

  • Stillinga kan innebere retting av skriftlege oppgåver frå studentane. 

Kvalifikasjonar: 

  • For å være seminarleiar i PSYK106 og PSYK112 må du ha teke eksamen i det respektive emnet. Tilsvarande emne kan vurderast, men nemnte emne vil bli prioritert.  

  • For å være seminarleiar i PSYK130 må du ha teke eksamen i PSYK111. Tilsvarande emne kan vurderast, men nemnte emne vil bli prioritert. 

  • PSYK131 må du ha teke eksamen i PSYK111, PSYK113 eller PRPSYK100, PROPSYKMET1 og PROPSYKMET2. Tilsvarande emne kan vurderast, men nemnte emne vil bli prioritert.  

  • Du må ha gode karakterar og ha minimum 30 studiepoeng i psykologi. 

  • Det er ein føremon om du er aktiv student eller nyleg har vore student ved Det psykologiske fakultet. 

  • Det er ein føremon om du har relevant erfaring. 

Forventningar til deg: 

  • Motivasjon for å undervisa i emnet du søkjer til  

  • Du er motivert til å arbeide med ferske studentar og kan bidra til å etablere eit godt fagmiljø for dei. 

  • Du likar å jobbe med menneske, er imøtekommande og liker å leggje til rette for aktiv læring. 

  • Du kan arbeide sjølvstendig, er strukturert og god til å planleggje. 

Vi tilbyr: 

  • Relevant jobb innanfor det du studerer 

  • Verdifull røynsle innan undervising og rettleiing  

  • Løn som fagkonsulent (stillingskode 0389): 

  • utan bachelorgrad: kr 455 000 (i 100 % stilling) 

  • med bachelorgrad: kr 470 200 (i 100 % stilling) 

  • med mastergrad: kr 519 400 (i 100 % stilling) 

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse  

Søknad: 

Søknaden må innehalde:  

  • søknadstekst om din motivasjon for å søke stillinga og eventuelle erfaringar  

  • emne du vil vere seminarleiar i, og talet på grupper du ønsker å undervise  

  • CV 

  • karakterutskrift frå Studentweb eller lenke frå Vitnemålsportalen 

Generell informasjon: 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida. 

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

 Spørsmål om stillingen

  • Hilde Strand Dybevik (gruppeleiar førstelinjetenesta), hilde.dybevik@uib.no

Powered by Labrador CMS