Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Broegelmanns forskningslaboratorium, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fulltid mellombels stilling som forskar fram til september 2027. Stillinga er knytt til det eksternt finansierte prosjektet "The molecular basis of sex differences in Sjögren’s syndrome", finansiert av Norges forskingsråd.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Sjögrens sjukdom er ein autoimmun sjukdom knytt til betydeleg sjukdomsbyrde og ei markant kjønnsskjevfordeling, med eit kvinne-til-mann-forhold som nærar seg 9:1. Denne ekstreme skjevheita gjer Sjögrens sjukdom til ein eigna modell for å forstå dei molekylære mekanismane som ligg til grunn for kjønnsforskjellar i autoimmunitet, der det framleis er eit stort behov for betre diagnostiske verktøy og målretta terapeutiske strategiar. Genetiske studiar har identifisert fleire Sjögrens-assosierte variantar som viser kjønnspåverka ekspresjonskvantitative loci (eQTL)-effektar, men dei funksjonelle konsekvensane av desse variantane er framleis ikkje fullt ut forstått.
Forskaren vil fokusere på å identifisere sjukdomsrelaterte protein i pasient- og musevev, med særleg vekt på å forstå funksjonen og samreguleringa av protein- og fosforyleringsnivå der kjønnsbundne eQTL-effektar kontrollerer uttrykket, slik som FAM167A (DIORA1). Prosjektet har som mål å knyte kjønnsavhengig genetisk regulering til immuncellesignalisering, cytoskjelettkontroll og sjukdomsrelevante cellulære fenotypar.
Arbeidet integrerer og kombinerer eksperimentelle perturbasjonsstrategiar med proteomikk/Olink og fosfoproteomikk, samt bulk- og enkeltcelle-RNA-sekvensering (scRNA-seq). Dataanalyse er ein sentral og viktig del. Pasientavleidd materiale, inkludert spyttkjertelbiopsiar og perifert blod frå pasientar og kontrollar, vil bli nytta for å knyte kjønnspåverka genekspresjonsmønster til funksjonelle molekylære mekanismar og klinisk relevante sjukdomstrekk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For å vere kvalifisert må du ha
relevant ph.d. – grad eller tilsvarande doktorgrad
erfaring med molekylær kloning inklusive Gibson og Golden Gate metoderne, CRISPR-medierte og andre genperturbasjonsmetoder, cellekultur og preparasjon innenfor proteomikk/Olink og fosfoproteomikk
erfaring med enkeltcelle-RNA-sekvensering (scRNAseq)
erfaring med dataanalyse av store datasett innen fosfoproteomikk, proteomikk/Olink, og scRNAseq
erfaring med alphaFold-baserte modellering og prediksjon
erfaring med programmering i R
erfaring med Function A/Felasa B
gode ferdigheter i skriftlig og muntlig engelsk
Det er og ønskjeleg at du har følgjande erfaringar eller eigenskapar:
Arbeid på Sjögrens sykdom
Arbeid på FAM167A (DIORA1) og relaterte signalveier
Førsteforfatterskap i internasjonale fagfellevurderte tidsskrifter med høy gjennomslagskraft
Evne til å arbeide selvstendig, strukturert og målrettet med høy grad av ansvarsfølelse
Gode kommunikasjonsevner og evne til å bidra aktivt til et konstruktivt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert tillagt vekt ved vurderinga.
Vi kan tilby:
Et stimulerende og ambisiøst forskningsmiljø i forskningsfronten innen revmatisk autoimmun sykdom.
Løn for tida kr 660 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 680 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til
både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og
forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
forskingsgruppa
Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Marie Wahren-Herlenius e-mail: marie.wahren-herlenius@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.