Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Laivutviklar (vitskapleg assistent) - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)

Søknadsfrist: 01.03.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig to mellombelse 10 %-stillingar for laivutviklarar (vitskaplege assistentar) frå 01.03.2020-31.10.2021 i samband med formidlingsprosjektet «Maskinsyn: Utstilling og laiv-rollespel for utforsking av etikk og ny teknologi». Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet. Dei som vert tilsette skal saman med forskarar frå LLE utvikle laivrollespel for forskingsformidling med utgangspunkt i det EU-finansierte forskingsprosjektet «Machine Vision in Everyday Life: Playful Interactions with Visual Technologies in Digital Art, Games, Narratives and Social Media». Dette prosjektet er leia av professor Jill Walker Rettberg. Stipendiat Marianne Gunderson er prosjektleiar for laiv-rollespelet.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle og gjennomføre ein større heildagslaiv, med debriefing og diskusjon som skal inngå i eit tredagars arrangement i september eller oktober 2021. Målgruppa er vaksne med interesse for teknologi. Hovudmålet er å auke deltakarane sin kjennskap til maskinsyn (t.d. automatisk ansiktattkjenning, kjensleattkjenning, deepfakes, biletmanipulasjon) og å skape situasjonar kor eit allment publikum kan øve opp sin etiske vurderingsevne i samband med desse nye algoritmiske visuelle teknologiane.
  • Utvikle 3-4 timars opplegg som kan brukast av ulike målgrupper (t.d. fagpersonar innan teknologi eller jus, studentar og politikarar)
  • Gjennomføre pilotar i perioden
  • Delta i jamlege utviklingsmøter i Bergen
  • Dokumentere og evaluere opplegget slik at andre kan dra nytte av det

Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast i samband med gjennomføringa av laivane. Dei som vert tilsette skal arbeide saman med prosjektleiar for laivprosjektet, og vil elles få faglege innspel frå forskarane på «Machine Vision in Everyday Life»-prosjektet.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på minst bachelor-nivå eller tilsvarande
  • Røynsle med å utvikle og å arrangere laiv-rollespel for vaksne er naudsynt.
  • Røynsle med å utvikle laiv-rollespel for forskingsformidling og undervisning er ein føremon.
  • Røynsle med å organisere og koordinere friviljuge er ein føremon
  • God lokal kjennskap til Bergen er ein føremon.

Personlege eigenskapar

Den som vert tilsett må

  • Vere fleksibel og initiativrik
  • Vere sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Vere effektiv, ryddig og god til å prioritere
  • Ha gode kommunikasjonsevner og vilje til å samarbeide

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Kandidatar med kompetanse tilsvarande bachelorgrad blir tilsatt som vitskapleg assistent (1019) med lønn tilsvarande lønssteg 42, for tida kr. 396 700,- før skatt i full stilling. Kandidatar med kompetanse tilsvarande mastergrad blir tilsatt som vitskapeleg assistent (1020) med lønn tilsvarande lønssteg 51, for tida kr. 456 000 før skatt i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og evt mastergrad
  • Relevante attestar

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS