Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for Kariologi, og dei utlyste vikariata vil være knytte til Ferdighetssenteret i kariologi.
Det er ein føresetnad at søkjar kan arbeide 20% fordelt på to dagar per veke og starte i stillinga i uke 10, tidlegare erfaring med studentundervising vil bli vektlagt.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a)
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning, rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er ønskjeleg med erfaring frå allmenn praksis og undervisnings– eller rettleiingserfaring.
Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar og tidlegare erfaring med studentundervisning verte vektlagd.
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
løn for tida kr 700 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten. For søkjar med spesial- /spesialistkompetanse er løn for tida kr 730 000 (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språk
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge ved søknadsfristens utløp.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Ewa Rodakowska (ewa.rodakowska@uib.no, tlf 55586663)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk
Odontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene.
Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy.
Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter.
Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB, finner du her: Smittevern | Institutt for klinisk odontologi | UiB