Gartnar / gartner (forskingsteknikar) i Universitetshagane - fast 100 % stilling
Søknadsfrist: 25.01.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga:
Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som sine kjerneoppgåver som spenner over fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 140 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet finn ein her.
Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, Seksjon for universitetshagane, er det ledig ei fast stilling som forskingsteknikar/gartnar med arbeidsplass i Universitetshagane (100 % stilling).Universitetshagane inneheld tre ulike hageanlegg: Muséhagen som ligg i Bergen sentrum og Arboretet og Bergen botanisk hage som ligg 23 km lengre sør. Alle hagane er godt lagt til rette for publikum med vegar og stiar, og dei er godt besøkte gjennom heile året. Seksjonen har om lag 20 fast tilsette. I sommarsesongen er det ein del mellombels tilsette i anlegga. Vi utdannar lærlingar i gartnarfaget. Muséhagen omkransar Naturhistorisk museum, i hjarta av Universitetet i Bergen. Hagen som vart opna i 1898, er på om lag 15 dekar, og er den gamle botaniske hagen i Bergen sentrum. Hagen er i dag verna. Her finst bl.a. gamle historiske tre, ein alpehage, ein nytteveksthage og eit tropisk plantehus. Dei levande platesamlingane vert brukte i forsking, formidling, undervising og rekreasjon. Her vert formidla kunnskap om planter og plantemangfald og behova for at mangfaldet vert teke vare på. Du kan lese meir om seksjonen og verksemda her.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett skal delta i den daglege drifta i Universitetshagane. Arbeid kan bli tildelt i alle delar av anlegga, men for tida er Muséhagen hovudarbeidsplass. Arbeidet inneber stell, drift og vedlikehald av planter og hageanlegg og plantehus. Det ligg også til oppgåvene å delta i informasjonsarbeid mot publikum som nyttar hagen. Arbeidet vert utført ute heile året. Den som vert tilsett kan bli pålagt å ta del i vaktordning og bidra til arrangement på dag- og kveldstid, også i helger. Den som vert tilsett kan bli pålagt å rettleie sesongarbeidarar og andre midlertidig tilsette, og du skal halde deg oppdatert i faglege spørsmål.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Krav:
Gartnar med fagbrev, med fullført gartnarutdanning eller tilsvarande utdanning. I visse tilfelle kan erfaring i botanisk hage eller tilsvarande erstatte krav til fullført utdanning
Erfaring frå vedlikehald, stell og produksjon av ulike planteslag i veksthus og ute i hage
Førarkort for bil og erfaring frå arbeid med ulike maskiner
Har god helse då arbeidsoppgåvene til tider kan vera fysisk tunge
Kompetanse i bruk av digitale verktøy og god teknisk forståing
God munnleg norsk eller minst eit skandinavisk språk, i tillegg vil gode engelsk kunnskapar telje positiv
Ønskte tilleggskvalifikasjonarFølgjande vil telje positivt i vurderinga av søkjarane:
God kunnskap om og interesse for planter
Førarkort for tilhengar og erfaring i bruk av traktor
Gjennomført kurs og erfaring i bruk av motorsag og andre maskiner
Søkjaren som har erfaring med anleggsarbeid, samt maling og arbeid med trevirke
Erfaring med fagleg formidling
Personlege eigenskapar:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga. Du er ein medarbeidar som har gode samarbeidsevner, som likar å arbeide i team, men som også kan arbeide sjølvstendig
Du må vere løysingsorientert, initiativrik og ha ei positiv innstilling
Vi kan tilby:
Eit hyggeleg, utfordrande og til tider hektisk arbeidsmiljø i flotte omgjevnader
Løn som forskingsteknikar (kode 1512) i årsløn som for tida utgjer kr. 472.300 - 531.411 brutto etter kvalifikasjonar
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.