Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i kinastudiar

Søknadsfrist: 15.03.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen lyser ut ei fast stilling som førsteamanuensis i kinastudiar (kultur, historie, litteratur eller i eit anna nærliggjande fagfelt) ved Institutt for framandspråk. Startdato er 1. august 2020 eller så snart som råd etter dette.

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Det blir undervist og forska innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (http://www.uib.no/fremmedsprak)

Instituttet har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, tretti i rekrutteringsstillingar og ti administrativt tilsette. Instituttet tilbyr eit bachelorprogram i kinesisk og arbeider med å vidareutvikle studietilbodet. Programmet har per i dag tre faste stillingar, inkludert den utlyste stillinga, og ein postdoktor.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Til stillinga som førsteamanuensis i kinastudiar ligg det forsking, undervisning, rettleiing, utvikling av kurs og eksamensarbeid på alle nivå, i tillegg til administrative plikter innanfor faget og instituttet. Den som blir tilsett, må kunne dokumentere breidde i forsking og undervisning, og det er forventa at vedkommande held fram med ein aktiv karriere innan forsking og publisering i tillegg til å undervise på alle nivå. Den som vert tilsett, må kunne undervise i både kinesisk språk og kinastudiar.

Instituttet legg til grunn at den som blir tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver.

Det er eit krav at den tilsette innan tre år kan norsk, eller eit anna skandinavisk språk, på B2-nivå. Universitetet tilbyr norskkurs for utanlandske arbeidstakarar.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må:

  • ha norsk doktorgrad eller tilsvarande i kinastudiar (kultur, historie, litteratur eller i eit anna nærliggjande fagfelt).
  • ha erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå i kinastudiar
  • dokumentere at dei meistrar moderne standard kinesisk (mandarin) og engelsk på eit høgt nivå
  • Søkjarar må kunne dokumentere å ha publisert i internasjonalt anerkjende kanalar

I vurderinga av søkjarane blir det lagt vekt på:

  • kvalitet og relevans i forsking og publisering (sett i lys av stadiet i karrieren)
  • relevant bakgrunn for innhaldet i stillinga, slik det er skissert over
  • pedagogisk kompetanse
  • dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging.
  • forskningsplanar

Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité, som vil leggje hovudvekta på forskinga til kandidatane. Dei best kvalifiserte vil bli inviterte til intervju og bedne om å gje ei prøveforelesing.

Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet fagleg i åra framover blir difor tillagt vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli lagt vekt på.

Alle tilsette må, utan omsyn til akademisk spesialisering, dele på ansvaret for å utvikle faget og kurstilbodet på alle nivå, og alle må vere villige til å ta på seg administrative oppgåver. Tilsette kan bli sette til undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor sitt kompetansefelt også utanfor instituttet dei er tilsette ved.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby:

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 i Statens regulativ ved tilsetjing (kode 1011 / lønsramme 24, alternativ 8), for tida kr. 572 700,- før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. CV

2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar

3. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

4. Oversikt over undervisningserfaring, administrativ erfaring og eigne forskingsplanar

5. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)

6. Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar

7. Inntil 5 vitskaplege arbeid (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilte tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for framandspråk, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Interesserte kan få meir informasjon om stillingane frå:

  • Koordinator for kinesisk, førsteamanuensis Guowen Shang, e-post [email protected], tlf. +47 55 58 47 78 eller frå
  • Instituttleiar Åse Johnsen, e-post [email protected] og tlf. +47 55 58 22 90

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til [email protected]

Rettleiing for utforming av søknad her.

SØK STILLINGEN