Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Forskingsrådgjevar/ph.d.-koordinator (vikariat)
Ved Kjemisk institutt er det ledig eit vikariat som forskingsrådgjevar/ph.d.-koordinator (100 % stilling) tentativt frå 14.09.2026 til 23.05.2027.
Om instituttetKjemisk institutt er eitt av sju institutt ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved UIB. Instituttet har ca. 80 tilsette, og driv utdanning og forsking på høgt nivå.
I instituttadministrasjonen er vi til saman fem medarbeidarar, inkludert administrasjonssjef. Målsettinga for oss i administrasjonen er å leggje til rette for at vi kan drive forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Den som blir tilsett, blir ein del av ein triveleg og velfungerande administrasjon som løyser mange ulike oppgåver.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneber varierte og interessante arbeidsoppgåver knytt til både forskingsadministrasjon og forskarutdanninga.
Døme på arbeidsoppgåver knytt til forskingsadministrasjon:
skaffe oversikt over og informere om relevante nasjonale og internasjonale finansieringskjelder og utlysingar, og motivere forskarar til å søkje eksterne prosjekt.
gje rettleiing og assistanse til forskarar i samband med førebuing av søknader og oppstart av prosjekt.
følgje opp prosjekt i driftsfasen.
arbeide saman med instituttleiinga med å gjennomføre forskingsstrategien til instituttet.
ta del i dei relevante forskingsadministrative nettverka ved fakultet og UiB, og i tillegg byggje nettverk med eksterne samarbeidspartnarar og finansieringskjelder.
bidra med informasjon og forskingsrelevante saker til nettsider og interne nyheitsbrev.
Døme på arbeidsoppgåver knytt til forskarutdanninga:
ha hovudansvaret for det administrative arbeidet knytt til forskarutdanninga ved instituttet
vere sekretær for forskarutdanningsutval ved instituttet sitt
følgje opp ph.d.-kandidatar ved instituttet frå mottak til disputas.
implementere og følgje opp administrative prosedyrar og rutinar.
Andre administrative oppgåver kan også vere aktuelle, og ein må rekne med endringar i organisering over tid. Stillingsinnhald kan vere fleksibelt basert på fagleg bakgrunn og kompetanse. Det er stor moglegheit til å ta nye initiativ, og å påverke sin eigen arbeidskvardag.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha:
mastergrad, helst innan realfag eller teknologiske fag.
gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
god administrativ IT-kompetanse er eit krav.
Det er ein fordel om du har:
erfaring frå søknadsskriving og prosjektgjennomføring og/eller prosjektadministrasjon.
erfaring frå relevant sakshandsaming innan studieadministrasjon eller anna felt i UH-sektoren.
kjennskap til forskingsprogramma til Forskningsrådet og EU
Personlege eigenskapar som blir lagt vekt på:
evne til å motivere, skape kontakt og utvikle nettverk og gode samarbeidsrelasjonar.
evne til å tenke strategisk, sjå behov, ta initiativ og bidra til å finne løysingar.
evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
stor arbeidskapasitet og vere god til å prioritere.
vere fleksibel, serviceinnstilt og positiv.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
løn som rådgjevar (kode 1434) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 642.000 - 670 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: administrasjonssjef Signe Solberg, signe.solberg@uib.no, telefon 915 60 933.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.