Forskingsrådgjevar ved Fakultet for kunst, musikk og design
Søknadsfrist: 17.08.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Seniorrådgivar
Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar i 100% stilling.
Frå 1. januar 2027 får KMD ansvar for den nasjonale forskarskulen i kunstnarisk utviklingsarbeid. Forskarskulen har tidlegare vore ein del av Direktoratet for høgare utdanning (HK-dir), men er no lagt til KMD, som skal forvalte den på vegne av dei kunstfaglege miljøa i Universitets- og høgskulesektoren. Denne stillinga er ein unik moglegheit til å være med i oppstart og etablering av forskarskulen ved fakultetet, og krev god forståing for samspel mellom administrasjon og fagleg verksemd.
KMD er med sine ca. 190 tilsette og omlag 650 studentar fordelt på tre institutt. Vi er eit fagleg vidfemnande fakultet, med forskingsaktivitet innan kunstnarleg utviklingsarbeid i våre kunstnariske og utøvande fagmiljø, i tillegg til vitskapleg forsking innan musikkvitskap og musikkterapi. Som seniorrådgjevar inngår du i eit team på om lag 4 årsverk, og vil bli ein del av forskingsadministrasjonen ved fakultetet.
Arbeidsoppgåver:
Administrativ koordinering og oppfølging av aktivitetar i forskarskulen
Bidra til utvikling av det faglege innhaldet i samarbeid med dei nasjonale fagmiljøa
Saksbehandling, utgreiing, rapportering, evaluering og analyse
Arbeide med å synleggjere og formidle aktivitetar i forskarskulen
Samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar
Administrativ oppfølging av redaksjonelt samarbeid om VIS - Nordic Journal for Artistic Research
Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelle.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på mastergradsnivå er eit krav. Doktorgrad er ein føremon.
Relevant erfaring innan administrasjon, gjerne frå universitets- og høgskolesektoren og/eller prosjektleiarerfaring frå offentleg forvaltning eller kulturbransjen
Erfaring frå samarbeid med fagmiljø innan kunstnarisk utviklingsarbeid.
Innsikt i og nettverk innanfor kunstnarisk utviklingsarbeid.
Søkjar må ha gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg, i tillegg til norsk (begge målformer).
Relevant praksis og god administrativ IT-kompetanse
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
Evne til å motivere, skape kontakt og fremje samarbeid
Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, strategisk og målretta
Evne og vilje til omstilling i en sektor som er i endring
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel og serviceinnstilt
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i med årsløn tilsvarande kr 642 000 – 790 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjend utdannings- og forskingsmiljø.
Høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre kunstnarlege og vitskaplege tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppekoordinator for forskingsadministrasjonen Thomas De Ridder, Thomas.De.Ridder@uib.no, tlf. 91638017 eller fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, eli.hoie@uib.no, tlf. 95198327.
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.