LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar ved AI Centre for the Empowerment of Human Learning (AI LEARN)

Søknadsfrist: 30.06.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Forskar 

Vi ønsker deg velkomen som søkar til ei ledig stilling som fast forskar (100%) innan innovative og nyskapande utdannings- og undervisingsmodellar, -plattformer og -system ved SLATE, Det psykologiske fakultetet, knytt til AI LEARN og EU-prosjektet AISHA - Artificial Intelligence Skills Hub Academy.

Om AI LEARN og KI-sentra

AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.

Seks nasjonale forskingsentre for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentera er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.

Om stillinga

Stillinga er knytt til ei klynge av prosjekt som tek for seg det kritiske behovet for avanserte, menneskesentrerte KI-teknologiar for å styrke menneskeleg læring, og ei klynge av prosjekt som omhandlar utadretta kapasitetsbygging i høgre etter- og vidareutdanning, og i vaksenopplæring. Disse forskingsoppgåvene skjer i samarbeid med offentlege, private, og militære partnarar i inn og utland, og i direkte relasjon med undervisingstilbod ved SLATE.

Arbeidsoppgåver:

  • forske på design og oppretthald av nyskapande læringsmiljø, i samanheng med pågåande og framtidige undervisningstilbod ved SLATE

  • forske på undervising på nye og innovative distribuerte plattformer, gjennom aktiv deltaking i relevante undervisingssituasjonar 

  • forske på pågåande og framtidig undervising og læring på kryss av sektorar

  • som del av forskinga inneberer stillinga:

    • bidrag til utforminga av pedagogiske system og verktøy for online og distribuert læring

    • oppretting av kontakt og samarbeid med læringstilbydarar, og utdannings- og undervisningspartnarar nasjonalt og internasjonalt

  • bidra til søknadsskriving for finansiering av nasjonale og internasjonale forskings- og utviklingsprosjekt

  • delta i aktivitetar ved AI LEARN og bidra til samhaldet i senteret

  • administrative oppgåver kan verte lagt til stillinga 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du må: 

  • ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi eller utdanningsvitskap, eller liknande

  • ha erfaring med og kunnskap om sikkerheit og beredskap

  • ha erfaring med undervising og undervisingsdesign på online og distribuerte plattformar i høgare etter- og vidareutdanning 

  • kunne dokumentere gjennomført søknadsskriving 

  • kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • ha svært gode norskkunnskapar fordi kandidaten skal arbeide med og kunne forstå komplekse tekster omhandlande blant anna åtferdspsykologi, forsvarsdoktrine, m.m.

  • kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

Det er ein fordel viss du:

  • har mottatt tilskot og/eller bevillingar retta mot utdanning og undervising

  • har kunnskap om datahandtering og digitalisering i utdanning og i samfunnet

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø

  • Brutto årsløn som forskar (stillingskode 1108) kr 630 000 – 680 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. 

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ein utfyllande søknadstekst om din faglege bakgrunn, dine forskingsinteresser, og din motivasjon for å søkje stillinga (maks 3 sider inkl. referanse)

  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • Eventuelle publikasjonar (maks 3)

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 

  • CV

  • Relevante vitnemål og attestar

  • Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder

  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert

  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder

  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med

  • Senterleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB

  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa

  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.      

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

 Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Fredrik Breien (Førsteamanuensis), +47 926 30 083, fredrik.breien@uib.no

Powered by Labrador CMS