Forskar (utan doktorgrad) eittårig stilling) ved Institutt for biomedisin
Søknadsfrist: 03.06.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei midlertidig fulltidsstilling som forskar for ein periode på eitt år, frå 1. august 2026 til 31. juli 2027.
Stillinga er knytt til prosjektet “Strategy to Target Acquired Resistance in Melanoma Brain Metastasis (STAR-MBM)”, finansiert av NFR og EU-programmet European Partnership for Personalised Medicine (EP PerMed).
Om prosjektet og arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Utføre in vitro-arbeid med cellelinjer frå hjernemetastaser, inkludert kryopreservering, opptining, rutinemessig dyrking og passering av celler.
Gjennomføre funksjonelle analysar, inkludert studiar av cellemigrasjon, celleproliferasjon, Western blot og apoptoseanalysar.
Utføre eksperiment i cellekultur med målretta inhibitorer (BRAF- og MET-hemmarar).
Bistå i dyreforsøk, inkludert oppfølging av forsøksdyr og støtte ved MRI- og bioluminescensavbilding (BLI).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Må ha norsk mastergrad i biomedisin eller tilsvarande. Det må kunne dokumenterast at masteroppgåva er levert til vurdering innen søknadsfristen, og graden må vere fullført før tilsetjing kan finne stad.
Må meistre engelsk flytande, både munnleg og skriftleg.
Dokumentert erfaring innan kreftforskning er eit krav, fortrinnsvis innan ondarta hjernesvulstar.
Praktisk erfaring med cellekultur er eit krav, inkludert vedlikehald og passering av kreftcellelinjer.
Erfaring med å utføre funksjonelle analysar som celleproliferasjon, migrasjon, Western blot og apoptoseanalysar er ein fordel.
Erfaring med behandling av kreftcellelinjer i cellekultur er ein fordel.
Erfaring med mikroskopi- og avbildningsteknikkar, som konfokalmikroskopi, er ein fordel.
Stillinga inneber arbeid med forsøksdyr, og erfaring med dyrearbeid er ein fordel.
Søkjar må ikkje vere allergisk mot smådyr.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Kandidaten må kunne dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og med vitskapeleg kreativitet, ha høg arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner samt sterk motivasjon og engasjement for forsking.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan
Løn for tida kr 560 000 brutto pr. år (kode 1108) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
For nærare opplysingar, kontakt prof. Frits Thorsen, e-post: frits.thorsen@uib.no, telefon: 957 49 681
Særlege krav til stillingaRegelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.