LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i KI-forskingsformidling ved AI LEARN

Søknadsfrist: 15.02.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Forskar 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til ei ledig 100 % stilling som forskar i KI-formidling ved SLATE, Det psykologiske fakultet. Stillinga er fast og knytt til KI-senteret Empowerment of Human Learning (AI LEARN). Fram til 30.11.2030 er stillinga finansiert av NFR. Arbeidsstad er Bergen.

Om AI LEARN og KI-sentera

AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.

Seks nasjonale forskingsenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentera er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.

Om stillinga:

Som nasjonalt senter har AI LEARN ansvar for kommunikasjon, formidling, nytting av resultat (DEC), interessentdialog, og kapasitetsbygging mot ulike målgrupper. I denne samanhengen søker AI LEARN ein KI-forskingsformidlar som vil delta i senteret sin interne og eksterne kommunikasjon.

Trivs du med å bygge bru mellom forsking og samfunn, og er opptatt av å gjere kompleks kunnskap forståeleg og relevant – håper vi at du søker på denne stillinga!

Arbeidsoppgåver:

Vi treng ein person som kan gjere forsking forståeleg og relevant for ulike målgrupper. Du vil arbeide med både praktisk kommunikasjon og forsking på formidling, KI-kompetanseutvikling og samfunnsdialog.

1. Strategisk kommunikasjon og DEC-arbeid

  • Vidareutvikle og gjennomføre AI LEARNs DEC-plan (dvs. dissemination, exploitation, communication) i tett samarbeid med senterleiing og partnarar.
  • Utarbeide heilskaplege kommunikasjonsstrategiar mot ulike målgrupper.
    • barn og unge, studentar og lærarar
    • arbeidstakar og leiar
    • besluttarar, forvaltning og politikarar
    • allmenta og media
  • Bidra til å utvikle og synleggjere NEXUS-punkt, innovasjonshubar og møteplassar mellom forsking, utdanning, arbeidsliv og politikk.

2. Innhaldsproduksjon og forskingsformidling

  • Oversett kompleks forsking på KI, læring, styring og etikk til tydelege og engasjerande bodskap på norsk og engelsk.
  • Planlegge og produsere innhald for:
    • nettsider og nyheitssakar
    • sosiale media, nyheitsbrev og kampanjar
    • kronikkar, reportasjar, pressemeldingar
    • podkast, video, infografikk og enkle animerte format
    • policy briefs og korte kunnskapsnotat til besluttarar.
  • Samarbeide tett med forskar og partnarar for å utvikle kommunikasjonspakker knytt til konkrete prosjekt, case-studiar og pilotar.

3. Arrangement, nettverk og interessentdialog

  • Planlegge og organisere:
    • AI LEARNs årlege showcase-konferanse
    • seminar, webinar, kurs og panelar
    • arenaer for samskaping med brukarar (elevar, lærar, leiar, borgar).
  • Vidareutvikle relasjonar til:
    • nasjonale og internasjonale nettverk (AI LEARN International Network, NORA, Digital Norway, European EdTech Alliance m.fl.)
    • direktorata, kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege aktørar
    • teknologi- og edtech-bedrifter, NGOer og interesseorganisasjonar.
  • Bistå i oppbygging og drift av NEXUS-aktivitetar og andre kapasitetsbyggjande tiltak for ulike målgrupper.

4. Forsking, utprøving og evaluering 

  • Delta i eller initiere prosjekt som undersøker:
    • korleis ulike målgrupper forstår og bruker kunnskap om KI
    • korleis KI-løysningar kan støtte læring, kritisk og kreativ tenking og borgarleg deltaking
    • kva for formidlingsformer og læringsopplegg som faktisk verkar (f.eks. mini-kurs, spelbasert læring, museumsopplegg, citizen-workshops).
  • Ha god kontakt i møte med forskarar, partnarar, politikarar og forvaltning
  • Designe og gjennomføre enkle undersøkingar (spørjeundersøkingar, intervju, fokusgrupper, web-statistikk) for å evaluere formidlingstiltak og kapasitetsbyggjande aktivitetar.
  • Bidra til rapporter, vitskaplege publikasjonar og populærvitskapelege tekster om vitskapskommunikasjon, KI-kompetanse og samfunnsdialog.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du må:

  • ha oppnådd mastergrad på søknadstidspunktet
  • ha solid erfaring med forskings- og/eller kunnskapsformidling, gjerne frå universitet og høgskole, forskingsinstitutt, direktorata eller større kunnskapsorganisasjonar
  • ha svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
  • dokumentert erfaring med:
    • tekstproduksjon til ulike kanalar og målgrupper
    • innholdsproduksjon for digitale flater (nettside, SoMe, nyhetsbrev)
  • ha erfaring med å planlegge og gjennomføre arrangementer (seminarar, konferansar, webinar e.l.)

Det er ein fordel viss du har:

  • erfaring med formidling av tema knytt til KI, digitalisering, og/eller utdanning 
  • erfaring frå arbeid i eller mot universitets- og høgskulesektor, skule, utdanning eller offentleg forvaltning
  • erfaring med enkel grafisk design, foto, video, podkast eller andre format for visuell og audiovisuell formidling
  • erfaring frå deltakelse i forskingsprosjekt 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som:

  • trivs med å bygge bru mellom forsking og samfunn, og er opptatt av å gjere kompleks kunnskap forståeleg og relevant
  • kombinerer strategisk blikk med gjennomføringskraft
  • er nysgjerrig på KI og endringane teknologien skapar for læring, arbeid og demokrati
  • er trygg i møte med ulike målgrupper
  • arbeider strukturert, sjølvstendig og planmessig, og trivs i tverrfaglege team
  • har høg etisk bevisstheit og identifiserer seg med verdiar knytt til menneskerettar, demokrati, inkludering og ansvarleg teknologiutvikling
  • er utadvendt og likar ein dynamisk arbeidsdag med høgt tempo
  • er oppsøkande i kontakt med både forskarar, partnarar og interessentar 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi kan tilby:

  • Eit sterkt tverrfagleg forskingsmiljø og stort nasjonalt og internasjonalt nettverk
  • Varierte arbeidsoppgåver med stor grad av påverkningsmoglegheit på korleis AI LEARN når ut til samfunnet
  • Brutto årsløn som forskar (stillingskode 1108) kr 630 000 - 680 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om din motivasjon for å søke stillinga i AI LEARN og denne typen vitskapskommunikasjon
  • CV
  • 2-3 relevante arbeidsprøver (f.eks. artiklar, kampanjar, rapportar, SoMe-eksemplar eller anna forskings- og formidlingsarbeid)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, både til seg sjølv og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. på UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS