Forskar i antropologi - digital analyse av arkivmateriale
Søknadsfrist: 15.03.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Forskar
Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen, lysar ut ei mellombels stilling som forskar i antropologi – digital dataanalyse av arkivmateriale. Stillinga er plassert ved Institutt for samfunnspsykologi og er ei fulltidstilling (100 %) i tidsrommet 1. april 2026 til 31. desember 2027. Stillinga inngår i prosjektet “Evolution of Cognitive Tools for Quantification (QUANTA)”, finansiert av European Research Council (ERC) gjennom eit Synergy Grant til Andrea Bender (UiB), Rafael Núñez (UiB), Francesco d’Errico (CNRS Bordeaux) og Russell Gray (MPI for Evolutionary Anthropology, Leipzig).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
QUANTA er eit internasjonalt og tverrfagleg prosjekt som undersøker når, kvifor og korleis menneske utvikla talsystem, og kvifor desse varierer så sterkt på tvers av kulturar. Prosjektet samlar forskarar frå fleire fagfelt og institusjonar for å studere framveksten av menneskeleg kvantifisering, teljing og numeriske evner. Prosjektet går over seks år og starta i september 2021. Det er lokalisert ved tre institusjonar – UiB, CNRS Bordeaux og MPI EVA Leipzig – som har tett samarbeid, og med moglegheit for å hospitere ved dei andre institusjonane.
Forskaren vert ein del av UiB‑gruppa og får arbeidsstad i Bergen, Norge.
Forskaren får ansvar for å søkje etter, samle inn, bygge opp databasar og analysere digitale bilete av menneskeskapte gjenstandar som er oppbevarte i museum og samlingar verda over, for å bidra til forsking på dei kognitive grunnlaga for kvantifisering og talsystem i avsidesliggande ikkje‑industrialiserte samfunn.
Hovudrettleiar for stillinga er PI Dr. Rafael Núñez.
Søkjar må ha minst mastergrad i antropologi eller eit relevant relatert fagfelt på søknadstidspunktet. Søkjarar med ph.d.-grad er òg velkomne til å søkje.
Søkjar må ha kompetanse på studiet av menneskelege kulturar, særleg materiell kultur.
Søkjar må ha ei generell interesse for vitskapleg metode og korleis den vert nytta i samfunnsvitskapen.
Erfaring med arkivforsking, samt handtering av lagring og behandling av audiovisuelle datafiler, er særs ønskeleg og vil bli sett som ein verdifull ressurs.
Erfaring med kvantitativ analyse og grunnleggande statistikk er også særs ønskeleg og vil bli sett som ein verdifull ressurs.
Søkjar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert, og må vera viljug til og i stand til å samarbeide med andre. Erfaring med tverrfagleg samarbeid er spesielt ønskeleg og vil bli sett som en fordel.
Brei vitskapleg interesse utover eige fagfelt vert forventa. Kjennskap til forsking innan numerisk kognisjon og/eller kulturell evolusjon vil bli rekna som ein fordel.
Særs gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje med ved evaluering av kandidatane.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi kan tilby:
spennande moglegheiter for fagleg utvikling som del av i eit sterkt forskingsmiljø.
forskings- og reisestøtte.
tilknyting til vårt internasjonale samarbeidsnettverk.
eit venleg og inkluderande forskingsmiljø.
ei brutto årsløn som forskar (stillingskode 1108) på kr 559 900 - 610 000. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje, og korleis dine interesser passar med den utlyste stillinga og målsettingane i QUANTA‑prosjektet («Søknadstekst»)
CV
Stadfesta kopi av vitnemål og karakterutskrifter (søkjarar med utdanning frå ikkje-skandinavisk eller ikkje-engelskspråklege land må legge ved begge vitnemål/diplom: både på originalspråk og stadfesta engelsk omsetjing)
Kort samandrag av di master‑ eller ph.d.-avhandling (den høgeste graden oppnådd på søknadstidspunktet) tilsvarande 1000 ord
Namn og kontaktinformasjon til to referansar
Fullstendig publikasjonsliste (dersom relevant)
Liste over vitskaplege arbeid du ønsker skal inkluderst i vurderinga, med informasjon om publiseringsstad
Kopi av vitskapelege publikasjonar som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til i vurderinga (dersom relevant)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
administrasjonssjef Ida Lundberg Samuelsen, ida.samuelsen@uib.no, tlf: 55 58 68 21
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.