Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Fagkonsulent (undervisningsassistent)
Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig to 100% stillingar som fagkonsulentar (undervisningsassistentar) for ein periode på 10 månadar med oppstart 3. august 2026.
Arbeidsoppgåver:
Det er behov for undervisningsassistentar i følgjande emne:Hausten 2026: SANT100, SANT150, SANT104 og SANT105Våren 2027: SANT107, SANT108
Utover desse kan det vere behov for undervisingsassistanse i valemne i sosialantropologi og/eller vidareutdanning i sosialantropologi.
Undervisningsassistentane skal leie 3-6 arbeidsgrupper per emne.
Kommentere obligatoriske oppgåver
Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar i sosialantropologi, spesielt dei heilt ferske studentane
Samarbeid med emneansvarlege, administrasjon og andre involverte i undervising
Arbeidsoppgåver knytt til instituttet eller prosjekter i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Mastergrad i sosialantropologi. Studentar som leverer masteroppgåva i vårsemesteret kan også søkje. Mastergraden må vere oppnådd før kandidaten kan starte i stillinga.
God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
God administrativ IT-kompetanse
Relevant arbeidserfaring vil vere ein fordel. For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrjinga av semesteret
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Fleksibel og arbeidsvillig
Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
Gode pedagogiske evner er ein fordel
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Årsløn som fagkonsulent (stillingskode 0839) NOK 509 300,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”søk på jobben”.
Søknadsfrist: 3. mai 2026.
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Sigrid Marie Tellez, e-post Sigrid.Tellez@uib.no eller tlf. 55 58 38 01.
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgivar ved HR-seksjonen; Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.