Fagkonsulent (undervisningsassistent) ved Institutt for politikk og forvaltning
Søknadsfrist: 10.06.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Fagkonsulent
Ved Universitetet i Bergen, Institutt for politikk og forvaltning, er det ledig ei 100 % stilling som fagkonsulent (undervisningsassistent) frå 1. august 2026 til 31. juli 2027.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett, skal bidra til undervisning, fagleg oppfølging av studentar og støtte instituttet sitt kommunikasjons- og rekrutteringsarbeid.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Vere undervisningsassistent for emne på 100-nivå i haust- og vårsemesteret
Leie seminargrupper og gje tilbakemelding på obligatoriske oppgåver
Bidra til planlegging og gjennomføring av rekrutteringstiltak og studentretta aktivitetar
Delta aktivt i instituttet sitt kommunikasjonsarbeid, mellom anna med ansvar for sosiale medium
Produsere og publisere innhald på digitale plattformer og synleggjere instituttet sitt utdanningstilbod, fagmiljø og aktivitetar
Utføre administrative og praktiske oppgåver ved behov, særleg i periodar med mindre undervisningsaktivitet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer ein kandidat som har:
Mastergrad innan politikk og forvaltning, statsvitskap eller tilsvarande relevant fagområde. Graden må vere fullført innan tiltreding. Søkjer må ha oppnådd mastergrad innan dei siste tre åra.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
God digital kompetanse; erfaring med administrative IT-verktøy er ein fordel
Interesse for formidling og erfaring med kommunikasjonsarbeid og sosiale medium
Undervisnings- eller formidlingserfaring er ein fordel
Vi legg òg vekt på at du:
Arbeider systematisk, sjølvstendig og målretta
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er fleksibel, initiativrik og ansvarsmedviten
Trivst med å arbeide med studentar
Har engasjement for fagfeltet og instituttet si verksemd
Søknaden skal innehalde
Søknad med CV, vitnemål og relevante attestar skal sendast elektronisk via JobbNorge. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Søknadsfrist: 10. juni 2026
Vi tilbyr:
Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
Årsløn tilsvarande NOK 519 400 (stillingskode 0389 - Fagkonsulent). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare
Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved instituttet sine lokale på universitetscampusen i Bergen. Den som får stillinga, må difor rekne med Bergen som arbeidsstad.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte instituttleiar Anne Lise FimreiteE-post: anne.fimreite@uib.no Telefon: 900 83 619
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.