Digitalutviklar på Termportalen ved Universitetsbiblioteket
Søknadsfrist: 05.02.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deirainformasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga:
Universitetsbiblioteket søkjer ny digitalutviklar
Universitetsbiblioteket i Bergen (UiB) og Språksamlingane har nasjonalt ansvar for Termportalen. Stillinga er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, faggruppa for digital utvikling. Eininga digital utvikling på Universitetsbiblioteket er eit aktivt og kompetent miljø med om lag 10 tilsette som har ansvar for utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte, blant anna for drift og utvikling av Språksamlinganes digitale portefølje.
Språksamlingane er den nasjonale vitskaplege dokumentasjonsressursen til norsk språk og norske namn og forvaltar ei lang rekkje databasar og infrastrukturar. Termportalen ved Språksamlingane har ansvar for å forvalte den nasjonale infrastrukturen for terminologi . I arbeidet med å nå målet om å gjere tilgjengeleg norsk terminologi i breidda av fagområda i universitets- og høgskulesektoren, ønsker vi å utvide staben med ein dyktig digitalutviklar (overingeniør 1087 eller senioringeniør kode 1181) i fast 100% stilling.
Vi er opptatt av:
Innovative løysingar, kontinuerlege og berekraftige leveransar
Brukarperspektivet, og jobbar tett med fagmiljøa om design, utvikling og drift av løysingar og bruk av tenester
God samhandling og kommunikasjon med teamkollegaer i det tverrfaglege arbeidsmiljøet ved UiB
Informasjonsikkerhet, personvern og arkitekturprinsipper som til ein kvar tid følgjer UiBs retningsliner
Arbeidsoppgåver:
Delta i nyutvikling og vidareutvikling av Termportalen sine løysingar, med spesielt fokus på integrasjonar, datatransformasjonar og backend-utvikling
Programmere mot interne og eksterne api-ar
Bygge opp CI/CD automations-metodologier
Utnytte skytenester gjennom konfigurasjon og kode så langt det er mogleg
Deployment av applikasjonar i containere, t.d. Elastic Search
Medverke til moderne og effektiv forvalting av tenester
Medverke til det generelle arbeidet i miljøet kring utvikling hos Språksamlingane og delta i aktivitetar knytt til faggruppa for digital utvikling
Bidra til kompetanseutvikling i eit tverrfagleg team (kompetanse innan digital humaniora)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må
ha erfaring frå utvikling av webapplikasjonar
ha erfaring med, eller interesse for, teknologiane og rammeverka vi nyttar, til dømes Knowledge Graphs, RDF/SPARQL, SQL-databasar, Python, Ansible, Docker, TypeScript, OpenAPI, skytenester (t.d. NREC)
ha gode evner til samarbeid og kompetansedeling
vere oppteken av å stadig lære nye ting
ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta eige initiativ og ansvar for oppgåver
ha gode munnlege og skriftlege språkkunnskapar i norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk, samt gode kommunikasjonsevner
det er ein fordel å ha forståing for terminologisk metode og datalingvistikk
For å bli tilsett som overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein organisasjon full av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
Deltaking i spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
Stilling som overingeniør (kode 1087) kr. 614 900 – kr. 650 000 eller senioringeniør (kode 1181) kr. 691 500 – kr. 720 000 det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fagleg leiar for Digital utvikling Juliane Tiemann (juliane.tiemann@uib.no tlf. +47 55 58 24 62), seksjonsleiar Marion Mühlburger (marion.muhlburger@uib.no, tlf. +47 55 58 88 40) eller fagleg leiar for Språksamlingane, Peder Gammeltoft (peder.gammeltoft@uib.no, tlf. +47 55 58 21 95).
Den som vert tilsett har hovudsakeleg sine arbeidsoppgåver på Termportalens ansvarsområde.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.