Deltidsstilling i UiB læringslab (førstesekretær 37,33%)
Søknadsfrist: 10.10.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Deltidsstilling i UiB læringslab (førstesekretær)
UiB læringslab er ei drivande kraft i utviklinga av digital undervising, vurdering og formidling ved UiB. Medarbeidarane i UiB læringslab har kompetanse på studiekvalitet, læringsstøtte, etter- og vidareutdanning, bruk av digitale verktøy, universitetspedagogikk, formidling og medieproduksjon. UiB læringslab held til i 3. etasje i Media City Bergen.
UiB læringslab søker deg som har fagleg bakgrunn og interesse for å jobbe deltid med varierte oppgåver knytt til bruk av læringsteknologi. Stillinga lar seg kombinere med studium, og vi oppmodar studentar til å søkje.
Stillinga har eit omfang på 37,33%, som svarar til 14 timer per veke, og arbeidstida er fleksibel.
Arbeidsoppgåver:
Medarbeidaren vil ha varierte oppgåver knytt til bruk av læringsteknologi, med fokus på brukarstøtte for læringsplattforma Mitt UiB (Canvas) og tilhøyrande verktøy
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Fullført vidaregåande skule, påbegynt høgare utdanning er ein føremon. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan erstatte krav om utdanning
Gode IT-kunnskapar
Erfaring med og interesse for digital formidlingsteknologi
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Sjølvstendig og med gode samarbeidsevner
Ved vurdering av søkarane vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø, og opplæring i systema UiB nyttar i undervisning
Stilling som førstesekretær (kode 1063), kr. 370 000- 410 000 brutto per år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.