Administrasjonssjef ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 02.05.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Administrasjonssjef
Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), Det medisinske fakultet, er det ledig ei leiarstilling som administrasjonssjef (100 %) med tilsetjing frå juni 2026, eller etter avtale. Administrasjonssjefen ved IGS rapporterer til instituttleiar og inngår i instituttleiar si leiargruppe.
Instituttet har om lag 290 tilsette frå om lag 30 ulike nasjonar og eit budsjett på om lag 240 mill. kroner i året. Instituttet har forskingsaktivitetar på høgt internasjonalt nivå. Instituttet har seks fagområde (seksjonar), der fagområdeleiar har fagleg- og linjeansvar. I tillegg er IGS vertskap for ei rekke senter, inkludert eit pågåande og eit avtroppande senter for framifrå forsking (SFF). IGS har hovudansvar for fire masterutdanningar og to forskarskular og er sentralt i medisinutdanninga i Bergen. Ei viktig satsing dei neste åra er å utvide den desentraliserte medisinutdanninga (Vestlandslegen) til Førde og Haugesund, i tillegg til Stavanger.
Administrasjonssjefen har personalansvar for tekniske- og administrative stillingar, som i dag inkluderer studiekonsulentar, prosjektøkonomar, forskings-/ph.d.-konsulentar, kommunikasjon, senioringeniørar og generell drift, i alt om lag 25 tilsette. Dette inkluderer å sikre at alle desse tenesteområda fungerer effektivt og oppfyller måla sine. I tillegg har administrasjonssjefen ansvar for å utvikle og implementere administrative system og rutinar for å sikre god kvalitet på tenestene. IGS er i ferd med å tilsetje ny studieleiar, som også vil vere stadfortredar for administrasjonssjef.
Vi ser etter ein positiv og miljøskapande leiar som finn det inspirerande å jobbe i eit miljø med stor breidde. Den vi ser etter, har god kapasitet for sjølvstendig, strukturert og resultatorientert arbeid. Du trivst med eit høgt aktivitetsnivå med varierte arbeidsoppgåver på instituttet, og du har glede av å lukkast saman med andre. Du bør vere grundig og systematisk og samtidig sjå innovative løysingar som kan frigjere kapasitet frå operasjonelle til meir strategiske leiaroppgåver. Dei neste åra vil bruk av kunstig intelligens verte stadig viktigare, og det er viktig at du er nysgjerrig og kreativ når det gjeld denne utviklinga.
Arbeidsoppgåver:
Støtte instituttleiar
Ta del i strategisk arbeid og oppgåver knytt til omstilling
Ansvarleg for dagleg drift og overordna administrative funksjonar i instituttadministrasjonen, inkludert personalansvar for tekniske- og administrative stillingar
Utvikle tenlege administrative prosedyrar og rutinar, inkludert innføring av kunstig intelligens for å forenkle administrative oppgåver og tenesteyting
Ha ansvar for økonomi og budsjett i samarbeid med økonomikoordinator og sørge for god bruk av instituttet sine areal
Førebu saker og fungere som sekretær for instituttets råd og overordna organ
Administrativ støtte for instituttets leiargruppe, mellom anna:
utarbeide og kvalitetssikre dokumentasjon og saksgrunnlag
verksemdsrapportering og koordinering av utgreiingar og høyringar
oppfølging av tiltak og oversikt over framdrift
Ansvar for gjennomføring og oppfølging av HMS-tiltak
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
Leiarerfaring og relevant administrativ erfaring er eit krav
God kjennskap til lover og reglar i arbeidslivet
Erfaring frå leiing av omstillingsprosessar
Svært god organisasjonsforståing
Erfaring med studieadministrasjon og forskingsadministrasjon er ein fordel
Svært gode samarbeidsevner og evne til å forstå og kommunisere godt med fagmiljøa ved instituttet
Vere strukturert og ha gode planleggingsevner
God skriftleg og munnleg framstillingsevne i begge målformer og på engelsk
Vi søkjer ein person med
Leiareigenskapar: Har gode leiareigenskapar med evne til å involvere, motivere og skape eit godt miljø rundt seg
Arbeidsinteresser: Ønskjer å arbeide med administrasjon som støttar forsking, undervising, innovasjon og kommunikasjon
Økonomi- og IT-kompetanse: God økonomiforståing og IT-kompetanse
Arbeidsmiljø: Bør trivast med å jobbe i eit hektisk miljø, der oppgåvene er av både operativ og strategisk art
Problemløysande ferdigheiter: Er sjølvstendig og løysingsorientert
Organisasjonsevner: Strukturert, systematisk, fleksibel og prosessorientert
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Bjarne Robberstad, telefon: 932 88 039, e-post: bjarne.robberstad@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.